Språkmektig vikar

Gerd Eli Hoel synest det er veldig kjekt å arbeide på turistinformasjonen i Valldal.

Gerd Eli Hoel har arbeidd ei kort tid på turistinformasjonen i Valldal slik at dei fast tilsette kan få litt fri i sommarvarmen. Ho er godt kvalifisert og kan snakke både fransk og spansk, engelsk, tysk og litt polsk.

– Eg synest det er veldig artig og eg likar godt å snakke med folk. I går kom ein fransk forfattar innom. Han budde på Airbnb i Tafjord og var strålande nøgd. Han hadde gått mange lange og flotte fjellturar og eit av prosjekta hans var å kombinere natur og poesi. Det oftast stilte spørsmålet er i år som i fjor: Kvar går vegen til Geiranger? I tillegg spør dei ofte etter kvar dei kan gå ein tur i området ved å bruke frå ein til tre timar. Mange har òg spurd etter å få leige båt slik at dei kan kome seg ut på fjorden, då har eg måtta skuffa dei, men med kajakk kjem dei seg ut. Båt har eg no funne ut at dei leiger ut på Stordal camping.

– No kan vi òg kalle oss verdsarvvertar. Alle vi som jobbar her har gått på eit nettbasert kurs om verdsarven som Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv har laga. Det kurset var veldig bra og vi lærde mykje. Det var òg veldig godt lagt opp. I løpet av ein dag er det mellom 50 og 100 gjestar som er innom, seier turistverten Gerd Eli Hoel på turistinformasjonen i Valldal.

Jordbær og bringebær var å få kjøpt, i tillegg til ein del husflidsprodukt til.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no