Starta med ein kalddusj

Søndag var det avslutting og fellesnummer på KorpsfestiValldal på hamna i Valldal, med alle korpsa samla og Ja vi elsker for full musikk.

Med 21 påmelde korps på plass i Valldal, var det stor samling og felleskonsert på Omenås stadion fredagskvelden.

Akkurat då korpset skulle ta til på fellesnummeret, etter å ha marsjert på plass, starta det å regne, ein skikkeleg kalddusj. 

Stort arrangement

Valldal skulekorps starta planlegginga for om lag eit år sidan. Påmeldinga tok til i november og vart avslutta 1. mars. 21 korps og 660 deltakarar frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane var då påmelde. 

Så mange var interesserte at ikkje alle som ville fekk vere med. Det var for det meste skulekorps, men òg nokre generasjonkorps var med.

Tidlegare har Valldal skulekorps arrangert korpsfestiValldal kvart femte år, denne gongen vart det seks. Litt på grunn av at Martin Linge-huset ikkje var ferdig i fjor.

– Martin Linge-huset er ei viktig brikke for oss under slike arrangement. Alle dei som budde i Valldal åt frukost og middag der. For å få det til, er musikantane delt inn i grupper, seier leiar i Valldal skulekorps, Terese Jemtegård Moen. Ho legg til at eit slikt arrangement betyr mykje økonomisk for Valldal skulekorps, og ho er glad for all god hjelp dei har fått undervegs.

Full hall

Sjølv om veret ikkje klaffa heilt på fredag, hadde mange det kjekt på Omenås med jonsokbål og aktivitetar. Då laurdagen kom var det slutt på regnet og veret var greit. Laurdag var det tid for aktivitetar i Valldal aktivitetspark, Tafjord friluftsbad og Kraft- og skredsenteret i Tafjord. I kultursalen i Martin Linge-huset og på hamna i Valldal var det konsertar heile dagen.

Laurdagskvelden var det show med Valldal skulekorps i hallen på Martin Linge-huset. Den var full av folk då Valldal skulekorps sat klare på scena.

Maria Holand Tøsse var konferansier og ho fekk med seg publikum og fyra opp dei unge på ein framifrå måte. Andres Jørgen Gjerde vart presentert av Maria, og sokkar og eit slips fekk kommentarar fordi dei hadde notar på seg.

Drilltroppen til Valldal skulekorps står i front og på fyrste nummer drillar dei. Etter konserten og showet var det diskotek i kultursalen og stor aktivitet rundt huset og i ballbingen.

Jostedalen

I Fjellrohagen søndag sit musikantar frå Jostedal og slappar av og et lunsjpakka si. Dagen er brukt i Tafjordbadet og dei vaksne har rusla rundt i Valldal og teke det heilt roleg.

Dei er eit generasjonskorps og kom til Ålesund allereie torsdag. Dei har laga eit utvida korpsstemne og set pris på dei opplevingane dei har vore med på i Valldal. 

– Vi har overnatta her på Fjellro, som sagt er vi eit generasjonskorps og vil gjerne ligge litt godt, smilar Mette Ruud og legg til at arrangementet har gått som smurt. 

Ho likte spesielt godt Kraft- og skredsenteret med sin lettfattelege informasjon. Kanskje var dei litt spesielt interesserte i det, fordi dei samanlikna Tafjordulykka med det som skjedde på deira eigna trakter.

Korpsgjengen

– Det er kjekt å vere med og lage til eit slikt arrangement i eit miljø du sjølv trivst i. Eg hadde det kjekt på mine korpsstemne. No er det kjekt å sjå at eigne born kosar seg like mykje og eg får vere med på det òg. Det har vore ei travel helg, det er sikkert, men veldig kjekt, seier Anne Lene Hjelle. Ho har vore på stemnekontoret heile helga saman med Terese Moen Jemtegård og Hegelin Waldal. 

Mange gode hjelparar vore i aksjon og deltakarane på korpsfestiValldal har fått heimelaga jordbærsylte på skivene sine til frukost. Råstoff frå støttespelarar og dugnadshender sørga for det.