Startar med tryggingstiltak

På det mest gunstige tidspunktet neste år skal Tafjord Kraftproduksjon sette i gang med revisjon av ventilar og vassvegar til kraftstasjon nummer fire. Zakariasdammen må tømmast for å kunne gjennomføre arbeidet.

For at dette arbeidet skal kunne gjennomførast, er det sett i gang eit arbeid for å sikre arbeidarane som skal gå inn og ut av juvet i botnen av demninga.

TC-maskin

Når Storfjordnytt kjem til staden, sit Audun Walle og Waldek Fivtowski i brakka TC-maskin har sett opp og venter på at røyken skal leggje seg etter den siste salva dei har sprengt på tunnelen dei er i ferd med å lage.

– Det er mykje som må gjerast. No arbeider vi med ein gangtunnel på 14 meter. I tillegg skal ein ståltunnel på plass som skal fungere som gangveg. Det er eit ekstremt rasfarleg område, så dette er eit reint HMS-tiltak (helse, miljø og sikkerheit, red.anm.), seier Audun Walle.

Walle er dagleg leiar i TC-maskin og bur i Tafjord. Han er no 67 år men seier han ikkje er ikkje heilt oppbrukt enno, så han vil halde på med firmaet og arbeidet enno ei stund. Før han flytta maskinane til Zakariasdammen, hadde firmaet ein jobb i Kaldhusdalen for Tafjord Kraftproduksjon og mellom det har han vore på reinsjakt og skutt ein reinkalv. No skyt han tunnel og borer med det han kallar ein ombygd pallerigg. Tunnelarbeid har Audun Walle lang erfaring med.

Tunnelarbeid

Det er ikkje alltid lett å føresjå korleis berget ser ut innvendig, så dei vurderer etter kvart som dei kjem inn i fjellet. Nokre gongar må fjellet boltast og sikrast før dei kan halde fram. Audun synest ikkje arbeidet er skummelt, men fortel at dette er eit arbeid ikkje kven som helst kan ta på seg.

Når dei kjem fram til tunnelopninga, køyrer Audun ei lita gravemaskin fram og startar med å grave ut stein. Massen vert nytta til å lage veg ut av kløfta – det skal støypast rundt tunnelopninga når den er ferdig og då må betongbilane kome seg fram.

Tunnelen skal sikre at arbeidarane kjem fram til foten av demninga utan å gå i det rasfarlege området. Eit fundament til ei gangbru og ein gangveg er dei òg i gang med. Eit stålrøyr skal då tene som både bru og gangveg.

Revisjonen

Når Zakariasdammen vert tømt i mars neste år, skal ventilen som fører vatnet til kraftstasjonen vedlikehaldast og det skal òg ventilen som slepp vatn ut i det gamle elveløpet. I tillegg skal vassvegane i tunnel og stålrøyr vedlikehaldast og sandblåsast. Medan arbeidet pågår skal vatnet renne i det gamle elveleiet ned til Onilsavatnet. Arbeidet skal vere ferdig før den store snøsmeltinga i fjellet tek til.

TC-maskin har òg teke på seg arbeidet med å reinske og stelle til rundt vassinntaket på innsida av demninga.

– Det kan verte ei utfordring å kome seg ned på innsida med maskin, men vi får sjå. Det tek vi når den tid kjem, seier Audun Walle som har bestemt seg for å starte nedtrappinga mot pensjonisttilveret slik at det ikkje plutseleg vert bråstopp.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no