Startar reparasjon i dag

Eit stort "krater" i vegbana og mange meter med øydelagt autovern var dei synlege spora etter steinraset.

I 20-tida tysdag kveld kunne ein høyre eit stort smell i Norddalsstranda. Ein stein hadde kome ned frå fjellsida.

Store krefter har vore i sving, pålene som autovernet er festa i er kløyvd i to.

Store krefter har vore i sving, pålene som autovernet er festa i er kløyvd i to.

Kåre Hjelle frå Veidekke seier at det må ha vore god storleik på steinen.

– Nokre tonn må han ha vore for å gjere slik skade, meinte han.

Steinen har laga eit godt krater i ytterst i vegbana mot sjøen, og mange meter med autovern er også øydelagt.

Truleg vil ein geolog ta ein titt på staden, og vegen vil bli reparert – arbeidet startar i dag og held fram måndag.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no