Starten på ein prosess

No er prosessen i gang og i det kommande året er det mange val som skal takast og det er innbyggjarane som til slutt skal nyte godt av dei. Arbeidsgruppa sine mål er klare og fredag sist veke hadde dei sitt andre møtet. Frå venstre: Rådmann i Norddal kommune Tor Helge Stavdal, varaordførar og representant for Senterpartiet Per Magnus Berdal, representant frå Norddalslista Merete Løvoll Rønneberg og ordførar Bjørn Inge Ruset.

Arbeidsgruppa som er sett ned for å arbeide med kommunereforma regjeringa vil gjennomføre, har hatt sitt andre møte.

Det er fylkesmannen som ber kommunane om å kome fram til ein framdriftsplan for arbeidet med korleis kommungrensene skal sjå ut i framtida. I Norddal kommune er gruppa sett saman av rådmann Tor Helge Stavdal, ordførar Bjørn Inge Ruset, kommunestyrerepresentant frå Senterpartiet Per Magnus Berdal og representant frå Norddalslista, Merete Løvoll Rønneberg.

Framtidsplan
Gode og likeverdig tenester til innbyggjarane, heilskapleg og samordna samfunnsutvikling, berekraftige og økonomisk robuste kommunar og styrka lokaldemokrati er dei overordna måla regjeringa set til kommunereforma. No skal arbeidsgruppa førebu ein framdriftsplan dei skal leggje fram for formannskapet den 26. januar og for kommunestyret i Norddal torsdag 12. februar.

– Det er ein prosess som skal femne mykje og det er mykje som skal takast omsyn til, seier Bjørn Inge Ruset. Fredag sist veke var gruppa samla på ordføraren sitt kontor for å diskutere. Dei snakka laust og fast om dei ulike alternativa ved ei eventuell kommunesamanslåing. Gruppa var klar på at dei unge innbyggjarane må involverast og at dei må kunne seie kva dei meiner. Det er dei som skal leve med dei vedtaka som om ikkje lenge vert fatta om den framtidig kommunen.

Folkemøte
Det vert halde folkemøte i Eidsdal 23. og i Valldal 26. mars og der kan folk kome med sine meiningar.

– Dette året skal brukast til å samle informasjon og synspunkt i denne omfattande prosessen og dei ulike alternativa skal utgreiast, seier ordføraren.

Innan 1. juni 2016 skal det gjerast eit vedtak i kommunestyret om kva kommune ein i framtida ønskjer å vere ein del av. Noko av det som vart snakka om på møtet var om kommunegrensene skal endrast og i tilfelle i kva retning. Kva verdiar har vi å forhandle med? Skal kommunen delast? Det er mange spørsmål det skal finnast svar på før det til slutt skal konkluderast.

Spennande politisk arbeid
Nærliggande kommunar å høyre saman med er Stryn, Hornindal og Stranda eller å rette seg utover mot Ålesund og Haram. Går det an å stå åleine eller er det trygt å velje dei næraste grannane Stordal, Stranda og Sykkylven? Alle er ikkje like samde i at sentralisering er svaret på korleis utfordringane for framtida skal løysast og på den måten vert det òg ein diskusjon som ikkje berre handlar om harde fakta.

–At det er eit viktig og spennande politisk arbeid som skal gjerast den kommande tida er det ikkje tvil om, og arbeidsgruppa sit ikkje på noka løysing, no skal prosessen starte og vi skal kome fram til ei løysing, det er alle i arbeidsgruppa einige om.

Meir info om kommunereforma