Stavkyrkjebyggjaren i Liabygda

Odd Egil Moen trivst best når han får pusle med sitt i verkstaden i Liabygda.

Å få teikne og byggje ei stavkyrkje er noko dei færraste får oppleve. Odd Egil Moen i Liabygda har fått gjere nettopp det: å bygge stavkyrkje.

Eg treff Odd Egil Moen på verkstaden hans i Liabygda. Han seier noko om at han kanskje burde rydde litt inne på verkstaden – iallfall er det andre som synest det.

– Men når eg kjem inn i ein heilt ryddig og rein verkstad, tenkjer eg at her skjer det ingenting, humrar han og seier at ryddeprosjekt får kome ein gong når han har ånda over seg til slikt.

– Dette er min stad, her får eg vere for meg sjølv og pusle med det som gir meg glede, det er det viktigaste, meiner han. Dermed får rydding vere rydding. Enn så lenge.

Eit herleg kaos

Å trø over dørterskelen til verkstaden til Odd Egil er som å trø inn i mitt eige barndoms paradis: snikkarverkstaden til bestefar. Til liks med hos bestefar, herskar det hos Odd Egil eit herleg organisert kaos av material av ymse sortar, det er treflis, spon og pussestøv alle stader og den gode lukta av trevirke fyller heile lokalet. På heidersplassen ved vindauget står dreiebenken.

– Denne har eg hatt mange timar saman med, seier Odd Egil idet han tar fatt ved dreiebenken på det som skal bli til meir pynt inne i stavkyrkja i Rendalen i Østerdalen.

– Korleis i alle dagar enda du opp med å byggje noko slikt?

– Eg var på retreatsenteret på Lia gård i Rendalen for nokre år sidan og sette opp ei lafta røykstove. På slutten av oppdraget kom spørsmålet om eg kunne tenkje meg å setje opp ei stavkyrkje. Å gjere noko slikt hadde eg drøymt om i mange år, så eg kunne jo ikkje seie nei til ein slik førespurnad, seier Odd Egil med eit lunt smil.

Dette var i 2008, i 2011 starta arbeidet med å bearbeide stavene til kyrkja – og i år vart ho altså innvia.

Inspirert av Lomen

Dermed byrja han å forske på emnet stavkyrkjer. Boka «Stav og laft i Norge» har vore ei god inspirasjonskjelde, i tillegg var han fleire gongar og kika på Lomen stavkyrkje i Vestre Slidre i Oppland.

– Denne boka er gull verd for ein kar som meg, teikningane i denne har hjelpt meg til å forstå både korleis stavkyrkjene var bygde og ikkje minst, kvifor dåtidas kyrkjebyggjarar valde dei løysingane dei gjorde.

– Det var den innvendige konstruksjonen i Lomen eg var interessert i. Ho har fire stavar i kyrkjerommet, noko som gir eit opnare kyrkjerom enn i mange andre stavkyrkjer. Eg kika også på dimensjonane som var nytta, særleg dei i taket, fortel han.

Slik ser ho ut, stavkyrkja Odd Egil Moen har teikna og leia bygginga av. Ho er oppført i Rendalen i Østerdalen, på eigedommen til retreatsenteret Lia gård. Foto: Haakon Ogbeide.

Modell i 1:10

Først teikna han, deretter bygde han ein modell i skala 1:10 der modellen var bygd som om det var eit skikkeleg bygg slik at han kunne teste ut ulike konstruksjonsløysingar. Deretter var det å gå i gang med fullskalamodellen, som Odd Egil fekk beskjed om skulle ha ein «moderat» storleik.

Odd Egil blir ivrigare og ivrigare ettersom han fortel, men slik er det med dei som brenn for det dei held på med.

– For ein handverkar å få lov til å gjere noko slikt, er eit eventyr, slår han fast.

Bygd på gamlemåten

Helga for snart to veker sidan vart det nye praktbygget i Rendalen offisielt opna, med konsert og andre festlegheiter. Han fortel at mellom musikarane som spelte, var Wolfgang Plagge på piano.

– Eg hadde ikkje tenkt på det i det heile tatt, men under opninga oppdaga eg at det er svært god akustikk i kyrkjerommet sjølv med fullsett kyrkje. Det kjennest som ein ekstra gevinst oppå det heile.

Den nye stavkyrkja har plass til om lag 150 personar og er bygd på same måte som stavkyrkjer vart bygde på den gongen på 1100- og 1200-talet. Trenagler har han dreia sjølv, Andreaskorsa er sjølvlaga, sjølvgjort er også limtrearbeidet. Han fortel at han har nytta gran.

– Ein svært undervurdert tresort, seier han og fortel at granvirke har svært god bereevne på grunn av dei lange fibrane i treet.

Trivst i Liabygda

Hjerleids Husflidsskole på Dovre var starten på eit langt arbeidsliv med trevirke. Han har arbeidd i møbelindustrien i mange år, mellom anna på 1960-talet budde han i Stordal og arbeidde på Hove Møblar. Tømrar har han vore ved sidan av anna arbeid og lafting har han halde på med sidan 1970-talet.

Liabygda oppdaga han eigentleg ved ei tilfeldigheit. I sine yngre dagar var Odd Egil glad i ski og idrett. Den gongen skulle det vere skikonkurranse i Liabygda, og han tok turen for å delta.

– Det eg beit meg merke i den gongen, var det positive milijøet her i bygda, sa han. Men å busetje seg i bygda, gjorde han først for 17 år sidan og framleis opplever han bygda som positiv.

– Eg synest eg og mine er blitt tekne godt imot, sjølv om eg har halde meg mykje for meg sjølv, seier han. Neste prosjekt han skal i gang med, er hus til seg sjølv. Også det lafta må vite.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no