Steile frontar i kommunereforma

Stordal kommune inviterte nabokommunane til møte om kommunereforma i dag, torsdag. Det som var tenkt som eit forhandlingsmøte, vart i staden eit samtalemøte.

Grunnen til det var at representantane frå Norddal og Ørskog ikkje hadde mandat til å gå i forhandlingar. Det vart semje om at representantane frå dei to kommunane skulle ta med seg synspunkt og argument attende til sine respektive kommunestyre neste torsdag og eventuelt be om mandat til å gå i forhandlingar.

Dei tre kommunane gjorde greie for sine standpunkt i saka: Stordal ønskjer forhandlingar, medan ordføraren i Norddal kommune, Arne Sandnes, sa at kommunestyret i Norddal eigentleg har sett seg ferdig med saka. Han viste til vedtaket frå juni om at kommunen skal halde fram fram åleine.

– Vi er her for å lytte. Men ingenting er hogd i stein, heller ikkje vedtak i Norddal kommune. Så i utgangspunktet er alt muleg, sjølv om det skal mykje til for at eit så grundig vedtak blir endra, sa han.

Representantane frå Ørskog kommune sa at dei der allereie har starta prosessen med å orientere seg mot Ålesund, noko dei også har kommunestyrevedtak på. Frå deira ståstad skal det tungtvegande argument frå dette møtet til for å snu haldninga blant politikarane der.

Frontane vart verkeleg steile då Arne Sandnes lenger ute i møtet tok ordet og snakka varmt om å gå finne på noko saman med Stordal – og at han synest det blir vanskeleg å gå i allianse med Ørskog. Han fekk svar på tiltale frå Olav Kjetil Sjøholt.

– Norddal kommune kan tenkje seg å forhandle med Stordal kommune, Stordal kommune kan tenkje seg å forhandle med begge. Om Ørskog kommune skal sjå innover, så går grensa på midt på Stavsengfjellet, slo han fast.

Du finn meir om dette møtet i Storfjordnytt torsdag 24. november.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no