Fv. 650 blir stengd mellom Liabygda i Stranda kommune og Linge i Norddal kommune tysdag 23. april frå klokka 20.00-22.00. Statens vegvesen og brann- og redningstenesta skal øve på brann i tunnel. Publikum vil kunne sjå røyk i området og frå begge sider av tunnelane på strekninga under øvinga.
– Det skjer færre ulykker i tunnelar enn på vegane, men ulykkene i tunnelar blir ofte meir alvorlege. Brann og ulykker inne i tunnelar er ei stor utfordring for naudetatane og difor veldig viktig å øve på, fortel brannvernleiar Olav Amund Myklebust i Statens vegvesen.
Krav om øving
Viktig for tryggleiken
– Det er viktig for tryggleiken både for dei som køyrer i tunnelen og for dei som skal gjere ein innsats om ulykka har skjedd at det blir øvd i tunnelane våre. Difor håpar vi at trafikantane har tolmod med oss i den tida vi må stenge vegen for å øve og planlegg køyreturen etter det, seier Olav Amund Myklebust i Statens vegvesen.Det finns ikkje omkøyring på strekninga. Trafikantane må difor vente til vegen opnar igjen.
Veit du kva du skal gjere om det skjer noko i tunnelen du køyrer i?
• Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengd med raude lys eller bom.
• Om det skjer noko i tunnelen, bruk naudtelefonane og ikkje mobiltelefon. Operatørane på Statens vegvesen sin vegtrafikksentral vil sjå kva tunnel du ringer frå og nøyaktig kor i tunnelen du er. Det er viktig informasjon for å kunne hjelpe deg. Operatøren vil varsle naudetatane om hendinga krev det og gi deg råd om kva du skal gjere vidare.
• Vegtrafikksentralen blir også varsla om du losnar eit av brannslokkingsapparata i tunnelen. Dei får då informasjon om kor i tunnelen du er, og tunnelen blir automatisk stengd.
• På alle naudstasjonar i tunnelen står det avstand til næraste opning på tunnelen.
• Vurder situasjonen. Køyr ut av tunnelen om det er mogleg. Følg alltid instruksjonane du får om køyreretning frå vegtrafikksentralen eller naudetatane.
• Prøv å varsle møtande trafikk.