Stenger fylkesveg 63 for tunge køyretøy

Her skal Statens vegvesen skifte ei stikkrenne natt til førstkomande fredag.

Torsdag 22. august kl 23.30 og fram til fredag 23. august kl 05.00 blir fylkesveg 63 stengt for køyretøy over tre tonn.

Grunnen til stenginga er at Statens vegvesen skal skifte ei stikkrenne gjennom vegen på fylkesvegen ved Linge, i området der dei nye busshaldeplassane no vert bygde. Vegvesenet melder at lette køyretøy og naudetatane kan passere i dette tidsrommet.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no