Sterk støtte til Stranda-initiativ

Mange av innbyggjarane i Norddal kommune ønskjer samanslåing også med Stranda og ikkje at kommunegrensa skal gå midtfjords slik fylkesmannen har lagt opp til.

316 innbyggjarar i Norddal kommune har i løpet av helga skrive under på eit opprop som oppmodar politikarane i Norddal kommune om å ta kontakt med Stranda kommune med tanke på samanslåing også med denne kommunen.

I brevet vert det bede om å gjennomføre ei innbyggjarhøyring i Fjørå, Tafjord og Valldal slik at folk også i desse bygdene får seie meininga si om alternativet der Stranda blir med i ein ny kommune i Indre Storfjord.

Det er Merete Løvoll Rønneberg i  Eidsdal og Audun Skjervøy i Valldal som har teke initiativ til oppropet.

– Vi set pris på at arbeidet med å slå saman Stordal og Norddal er komme godt i gang, men meiner den nye Fjord kommune ikkje blir sterk og slagkraftig nok i møte med krava som vert stilte til kommunane i åra som kjem – også når vi ser korleis nabokommunar slår seg saman til meir slagkraftige einingar, seier dei i oppropet.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har foreslått å justere kommunegrensene, slik at bygdene på sørsida av Norddalsfjorden går over til Stranda kommune. Det har vore fleirtal for ei slik grensejustering i Eidsdal og Norddal. Tidlegare undersøkingar viser likevel at det er eit enda større fleirtal for å slå saman Norddal kommune og Stranda kommune. Dette alternativet var ikkje med i folkerøystinga for to år sidan.

Norddal kommune og tidlegare Norddal herad har hatt dei same kommunegrensene sidan 1837.

Kommunestyret i Norddal skal behandle grensejusteringssaka på møtet i morgon, tysdag 17. april.