Sterke tonar ønskte eit nytt år velkomen

Søndag inviterte Valldal Hornmusikklag til nyttårskonsert.

Valldal Hornmusikklag sine konsertar er medisin for øyrene og hjartet. Søndagskvelden medisinerte dei eit fullt amfi i Martin Linge-huset med nyttårskonserten sin.

Gjesteband denne kvelden var Vikene band med vokalist Karianne Vikene, Petter Lingaas på flunke nytt keyboard, Anders J. Gjerde på bass og Håkon Myklebust på gitar. Jårångskoret skulle eigentleg opptre under denne konserten, men vart diverre hindra frå å kome som følgje av ver og føre frå og til Geiranger. Programleiar Kenneth Hovden losa publikum stødig gjennom programmet og uttrykte at her fekk musikken kjenslene fram i ein, han og.

Gode hjelparar

– Eg trur eg byrjar med å takke dirigenten vår, Elisabeth Grønningsæter Olsen, som held ut med oss, sa leiar for Valldal Hornmusikklag, Britt Ingunn Maurstad med eit smil.

– Som leiar er det utruleg kjekt å spele når ein er så mange i rekkene som no, sa ho.

– Så er det fleire å takke spesielt for deira bidrag til denne konserten. Klarinettrekka vår er forsterka med Anders Hovland, Kari Dyrkorn, Bjørg Dyrkorn og Tonje Moen her i kveld. I slagverkrekka har vi med oss Rolf Tore Helle. Ei lang rekke sponsorar skal vi og gi ein stor takk til for alt dei har bidrege med, la Maurstad til.

Ho understreka at fleire er hjarteleg velkomne til å melde seg inn i hornmusikklaget om ein skulle ha lyst, tid og interesse for det.

Symfoniar og tromboner

Så vart ein dregen inn, frå fyrste sekund. «Also Sprach Zarathustra.» av Richard Strauss. Ein tradisjonell og henrivande start. Godt trøkk i nummer to, ein kjende det heilt ned i føtene. «How To Train Your Dragon». Leikande fløytespel her. Ein sart midtdel som veks til noko mektig som ord ikkje nødvendigvis kan gjengje. Varme i ein kald kveld, og hornmusikklaget viser igjen at dei er gode på å snakke saman, utan ord men gjennom tonar og overlapping.

«Lasus Trombones» av Henry Fillmore, amerikanaren som allereie i tidleg ungdom meistra både, piano, fløyte, gitar, fiolin og trombone. Sjølv gjekk Fillmore bort på femtitalet, men musikken hans lever så inderleg kvar gong nokon hentar den fram att. «Les Misérables», som ein sterk nummer fem i menyrekkja, før kaker og kaffi kom på borda til pausen. «De elendige», om ein oversett tittelen på Frankrike sin mest kjende musikal, denne kvelden med mellom anna den melankolske stemma som berre ei rekkje med saxofonar kan gje ein. Og kor dei elendige befann seg er uråd å vite, dei var iallefall ikkje til stades her. Handlinga baserer seg på ei rekkje personar som kjempar for eller imot forsoning og revolusjon. Men fann dei løysinga? Ligg den i musikken?

Både greske og lokale innspel

Vikene band tok oss litt rundt i minneboka i lag med Bob Dylan, Eva Cassidy og Lisa Ekdahl. Avslappande og vakkert var det. Den eine av Ekdahl sine slagerar kom i 1994, avisa sin utsendte fekk prestehanda på seg det året og eit av krava var vel at vi skulle sitje med, nettopp, «Benen i Kors». «Baby Elephant Walk». Arrangert av Peter King. Den leikar seg gjennom øyrene på ein. Under stødig leiing av dirigent og instrumenttraktørar blir dette ein artig dans. Og så grekaren då, Vangelis. Som programleiaren sa, ein kunne formeleg kjenne korleis ein for frametter havet, i tonane av denne. 1492 – «The Conquest of Paradise». Tungvektaren. Søk den opp, auk volumet til det når grensa og nyt. Eller nyt hornmusikklaget si framføring. Helst det siste.

«Highland Cathedral» og «Highlights From Chess» kom på rekkje og rad. Den siste gir litt vårstemning i sjela.Den er forløysande og vakker, dansar på eit vis med seg sjølv. Og viser at delar av ABBA var ikkje berre «Mamma Mia», når dei trødde til. «Radetzky March», sånn avsluttingsvis. Leikar seg mot slutten av konserten. Eit amen på ei temperamentsfull og mektig oppleving. Med bodskapen om å danse deg heimover, tenkje over kva både komponistar og hornmusikklag gjer for at andre skal få nyte. Støtt desse, møt opp og ta vare på både fortid og framtid.

Mathilde vinje
mathilde@storfjordnytt.no