Stilige, gode og gamle tohjulingar på Vårskjelven

Paul Relling set seg godt til rette på motorsykkelen han ein gong kjøpte i Langevåg for 73 år sidan.

Sunnmørsavdelinga av Norsk Veteran Motorsykkel Club blei stifta i pinsa 1988. Sidan den gong har dei arrangert Vårskjelven i Valldal.

Fyrst heldt dei til på Muri camping, seinare flytta dei det til Skoglund Camping. Du kan lukte og høyre at det er Vårskjelven i Valldal når gamle, stilige og spesielle motorsyklar kjem rullande inn i bygda.

Skoglund camping

Etter kvart fyller dei opp Skoglund camping, telt og lavvoar reiser seg. Folk ruslar rundt og nyt synet av motorsyklane til kvarandre, får gode tips, god prat og gode historier.

Storfjordnytt sin medarbeidar vert trekt mot ein 650 kubikk BSA som står der og skin. Lars Ravnås frå Sirdal kom dagen før og brukte åtte timar på vegen. Det er den fyrste Vårskjelven han er med på.

– Vi er no ein gjeng tullingar som skrur oss ihel i staden for å kjøpe nytt. Mennesket si makt over mekanikken kan vere noko av motivasjonen, seier ein av dei i gruppa som står rundt sykkelen og dei andre ler. Dette er «opphøyet britisk kjølig eleganse», seier ein annan for å beskrive den fine gamle sykkelen. Det er ein BSA 650 Lightning 1969-modell og det var noko av det argaste du kunne få tak i den gongen.

Stemninga er god og det same er historiene og dei er samde i at om har sykkelen ein kickstart, er det ein motorsykkel. Er det sjølvstartar på den, er det ein MC.

Det er lettare å ha ein veteranmotorsykkel i dag enn tidlegare. I dag kan du ganske greit få tak i delar gjennom internett.

– På min BSA er det ei svakheit på den originale bensintanken av glasfiber. Den toler ikkje den nye bensinen. Då googla eg og hamna i India, drog kortet og etter fire månader kom ein blikktank i posten, seier han med ein raud BSA.

Fellestur

Lenger borte står ein kar og strammar kjede på ein Tempo Standard 1954 modell. Den vart kjøpt ny i Ålesund i sportsbutikken Joh. Johansen av Ottar Båtnes, det var far hans, sjølv heiter han Torgeir Båtnes. Han er med og arrangerer Vårskjelven dette året.

– Originalt var motoren på 150 kubikk, i dag er den oppgradert til 200, men elles er sykkelen heilt original. Større motor er det for at sykkelen skal kunne manøvrere i moderne trafikk og hastigheit, seier Torgeir Båtnes. Han er tydeleg stolt av klenodiet og har vore med på Vårskjelven sidan 1994 med unnatak av fire vårskjelv.

– Både unge og gamle er med og nokre har med seg heile familien sin. Her er det skikkeleg god stemning og alt går roleg for seg. I dag skal vi på fellestur til Overåneset med militær kaffikontainer i ei sidevogn og med fyrstekake og Mor Monsen i bagasjen, seier Båtnes.

Torgeir Båtnes har halde denne Tempo Standard 1954-modellen i familien sidan far hans kjøpte den ny i Ålesund.

Eit spesielt møte

Storfjordnytt får vite at dagen etter skal det vere eit spesielt møte på Skoglund Camping. Paul Relling frå Norddal skal få sjå att den gamle zündappen han kjøpte i Langevåg i 1946, Zündapp K500, ein 1938-modell.

Zündappen er ein tyskprodusert motorsykkel, den vart seld ny i Oslo i 1938, så vart den beslaglagt av okkupasjonsmakta under krigen før den enda opp i Langevåg etter krigen.

Like etter krigen fekk Paul Relling tips frå svogeren sin i Langevågen om at sykkelen var til sals.

– Eg var fast bestemt på at den sykkelen skulle eg ha. Det var veldig viktig for meg den gongen, seier Paul Relling som saman med sonen Bjørn er komen til Skoglund Camping i Valldal.

Sett i stand

Paul Relling nytta sykkelen frå den dagen han kjøpte den og til 1972. Året etter han kjøpte sykkelen tok han med seg kjærasten på ein tur til Bodø i verkeleg dårleg vêr, minnast han.

– Eg har hatt stor glede av den og mange fine opplevingar. Eg tok sertifikat på den sykkelen. Eg var i Ålesund og fekk ordre om å køyre bort i gata og snu og då eg kom attende, hadde eg sertifikat. På turen inn til Norddal sat svogeren min bak og lyste med ei lommelykt hugsar eg, seier Paul Relling.

I dag er det Roy Andreassen som eig sykkelen. Han fekk tips om at Karl Martin Rønneberg hadde ein slik sykkel på garden på Rønneberg. Karl Martin kjøpte den av Paul på byrjinga av 1970-talet. Då var sykkelen delvis plukka sund av sonen til Paul, Bjørn Relling. Han hadde kompetanse til å skru den frå kvarandre, men ikkje til å sette den saman att. Då var det naturleg å selje den til ein som kunne.

– Eg brukte nesten eit år på å setje den saman og få den til å gå. Då hadde eg sett inn ein litt større motor. Eg brukte motorsykkelen til å køyre ned og opp i bygda då eg arbeide på Storfjord rutebilar. Eg hadde ikkje den rette alderen då, men den saken er vel forelda no, seier Karl Martin Rønneberg. Han selde motorsykkelen med ein klar føresetnad: eg vil sjå han att når den er sett i stand og rullar på vegen att.

Det var i 2012 Karl Martin selde zündappen til Roy Andreassen. Han er lidenskapeleg oppteken av sykkelen og har brukt store ressursar og brukt mykje tid på å sette den i stand. Når han fekk den frå Karl Martin låg den originale motoren i ei trekasse. No er motorsykkelen restaurert og sett i original stand så godt det har latt seg gjere.

– Eg har ikkje lakka oppatt sykkelen. Då eg plukka den heilt frå kvarandre vaska eg den med parafin og sette den saman att, eg nytta ikkje vatn og såpe. Slitasje og strukturar av tida skal få vere, slik vert dei gamle syklane meir verdt også, seier Roy Andreassen. Han viser Storfjordnytt at dei store delane som motorblokk, girkasse og sylindrar er nummererte med same nummer og då kan han stadfeste at dei har hengt saman sidan 1938.

Her er Paul på motorsykkelen saman med venen Ivar Dale på kaia i Norddal i 1947 etter ein tur til Sogn.

Kjekt å sjå att

Paul smiler breitt når han får sjå sykkelen att og meiner å minnast at den var mykje større den gongen. Både han og sonen hugsar detaljar og bemerkar ting som er flytta eller er borte frå den gongen den gjekk i Norddal. Paul Relling skrevar over setet og set seg godt til rette og ser nøgd ut.

– Det er artig å få sjå denne sykkelen att, seier han. Sjølv er han 1922-modell, 16 år eldre enn sykkelen.

– Var det ikkje ei fløyte her, spør Paul og peikar på høgre sida av rattet og vil vite kor langt sykkelen er gått. Det er ikkje mogleg å finne ut av der vi står, då tala ikkje lenger synest.

– Går han då, spør Paul og går av sykkelen. Den nye eigaren er viss på det og startar førebuinga med å starta den opp. Nokre rolege drag på kicken for å dra drivstoff inn fyrst og så eit kraftig drag på kicken. Den tosylindra boksermotoren startar og ruslar roleg.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no