Stolte, men ikkje nøgde

Styreleiar i Vekst i Stordal, Olav Bratland, og prosjektleiar Harald Espeland orienterte førre veke kommunestyret om den førebelse evalueringa av prosjektet.

Slik oppsummerte styreleiar og prosjektleiar i Vekst i Stordal arbeidet dei fire siste åra då dei førre veke la fram sin førebelse evaluering av vekstprosjektet for kommunestyret.

Ein fyldig evalueringsrapport vart presentert og gjennomgått for kommunestyret i Stordal, og konklusjonen frå styreleiar Olav Bratland og prosjektleiar Harald Espeland var at dei er stolte, men ikkje nøgde. Stolte over at dei – trass i at ikkje alt er kome på plass enno – har oppnådd mykje, men at dei ikkje vil seie seg nøgde før dei har landa også smoltanlegget. Om ein får til det i løpet av inneverande år, vil ein meir eller mindre ha nådd dei måla ein sette seg med prosjektet: 75 nye arbeidsplassar og å fylle dei mange tomme kvadratmetera med industrilokale med ny aktivitet.

Gir seg ikkje

Når det gjeld smoltprosjektet, måtte styreleiar Olav Bratland innrømme at det enklaste hadde vore å kaste korta når det viste seg at ting skulle ta så lang tid som det har gjort.

– Vi valde å ikkje kaste korta, snarare tvert om. Vi har forsøkt å sjå kva andre moglegheiter som finst for å få realisert prosjektet, sa han samtidig som han syntest det hadde vore til dels ubehageleg at det på grunn av ting dei i vekstprosjektet ikkje har rådd over har tatt så lang tid.

– Dette ubehaget har delvis overskygga ein del av det andre vi har jobba med og det er derfor eg seier at det enklaste kanskje hadde vore å avslutte det for lenge sidan. Men vi har prøvd både plan B og C og jobba med mange andre bokstavar i alfabetet. Og vi jobbar framleis med det, og framleis er det moglegheiter. Vi har altså ikkje gitt oss, slo Bratland fast og avslutta med at håpet er at 2019 blir eit år der ein kjem endå eit steg vidare slik at det kan vere mogleg å få på plass ein del av dei tinga som enno ikkje er på plass.

I dei fire åra prosjektet Vekst i Stordal har vore i sving, er det vekstprosjektet som har disponert næringsfondet til Stordal kommune. Olav Bratland kunne fortelje at no er næringsfondet teke ut av Vekst i Stordal og at det igjen er slik at det er formannskapet som disponerer næringsfondsmidlane. Det vil seie at næringsfondsøknader framover vil bli behandla av formannskapet og ikkje Vekst i Stordal.

Mykje skal på plass

Vekst i Stordal vil halde fram også i år, men i ei annan form enn tidlegare. Prosjektleiar Harald Espeland vil framleis halde i trådane som prosjektleiar og han var klar på at det største og viktigaste å få på plass i løpet av året, er smoltanlegget.

– Dette vert det jobba med dagleg og det har skjedd mykje spennande der, sa han og la til at når – ikkje viss – anlegget vert realisert, så vil Vekst i Stordal også engasjere seg tungt i relokalisering av verksemder som må flytte på seg på grunn av smoltanlegget.

– Vi vil sikre gode løysingar for dei som må flytte på seg, i tillegg ønskjer vi også å fylle opp restarealet, sa han. I tillegg vil det bli arbeidd med ein reiselivsplan, som ifølgje Espeland har stått på agendaen lenge – i tillegg til å bidra inn i planlegginga av næringsutviklingsarbeidet i Fjord kommune. Han peikte på at næringsarbeidet i dei to som er i ferd med å bli Fjord kommune er svært ulikt og at arbeidsgruppa som er sett ned for å jobbe med dette ser på korleis ein kan ta det beste frå begge verdene og jobbe vidare med det.

– Eg trur det skal bli bra, sa han og oppsummerte det heile med å seie at dei i Vekst i Stordal er «stolta, men inte nöjda…»

– Det er ting som må på plass før vi med handa på hjartet kan seie oss fornøgde, men rapporten viser også mange gledelege ting vi kan vere stolte av, avslutta han.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no