Stoppar turistbussar i Geiranger

Statens vegvesen skal i dag og i morgon kontrollere bilbeltebruk i bussane i Geiranger. Illustrasjonsbilete.

I dag, tysdag 27. juni og i morgon, onsdag 28. juni, stoppar kontrollørane til Statens vegvesen turistbussar i Geiranger for å kontrollere at køyretøyet er i god stand, har nødvendige løyve og at passasjerane har på seg belte. 

Turistsesongen i Geiranger er i full gang. Kvar dag er svært mange bussar med turistar på veg opp og ned dei bratte og svingete vegane til utsiktspunkta.

Stort press på turisttransport

Det er fleire tusen turister i Geiranger og omegn kvar einaste dag i sommarsesongen, og då er presset stort på transporten.

– Når pågangen er så stor, veit vi at det kan vere freistande å ta i bruk køyretøy som er i for dårleg teknisk stand. Det er også stor slitasje på køyretøya som køyrer såpass mykje i ein lang turistsesong og med ein så krevjande topografi som Geiranger har, seier leiar for kontrollen, Roar Ødegård i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Dette vert kontrollert

Kontrollen vil mellom anna konsentrere seg om løyve, køyre- og kviletid, lekkasjar av olje og diesel, og sjekk av mogleg varmgang i bremser.

Kontrollørane til Statens vegvesen snakkar også med turistane om at det er viktig å bruke bilbelte i buss. Dei kjem også til å dele ut ei brosjyre om dette ombord i bussane i dag.

Beltet held oss på plass i setet, slik at vi ikkje er til skade for andre om det skulle skje ei ulukke.

– Få veit kor farleg det er at dei andre i bussen ikkje brukar belte. Det vi ofte ser i ulukker, er at passasjerane blir kasta rundt i eller ut av bussen. På den måten kan passasjerane gjere stor skade på både seg sjølve og kvarandre. Du brukar også belte for å ta vare på dei du reiser saman med, seier Annette Henden i Statens vegvesen.