Stor aktivitet i korpsmiljøet

Stordal skulekorps imponerte nok ein gong og tok førsteplassen i andre divisjon janitsjar.

Korpsfolket var samla på Gomerhuset i Skodje i helga, med gode resultat i konkurransane for korpsa i Storfjordnytt sitt område. I tillegg fekk aspirantane vere med i eige aspirantseminar.

Nordvesten Møre og Romsdal for skulekorps vart i år arrangert saman med Tomra Ørskog Festivalen (TØF), og oppslutninga var stor. 20 skulekorps var påmelde til Nordvesten og 12 vaksenkorps og generasjonskorps var påmelde til TØF.

Stordal skulekorps var påmeldt til Nordvesten, medan Eidsdal Musikkorps, Valldal Hornmusikklag og Stordal/Vatne Hornmusikklag deltok i TØF.

Aspirantseminar

Gledeleg var det å sjå at rekrutteringa er god, arrangøren kunne fortelje at då dei fann ut at dei skulle invitere også aspirantane, hadde dei sett føre seg eit tjuetals påmelde. Det vart litt fleire enn som så – 113 aspirantar hadde først gruppeøving, deretter fellesøving før alle saman til slutt spelte konsert. Dei avslutta konserten med fullt trøkk med «We will rock you». Det var imponerande kva instruktørane har fått til på til saman to timar saman med ungane innimellom inntak av sukkerspinn og anna godis. Alle dei ti aspirantane i Eidsdal Musikkorps var til stades på seminaret, og alle var dei samde om at det hadde vore ein kjekk dag der dei hadde lært mykje.

Gode plasseringar

Stordal skulekorps vann klassa si 2. divisjon janitsjar skulekorps. Då konferansieren presenterte korpset, fortalde han at det har 16 faste medlemmar – og ein snittalder på ti år. Dei deltok med fire nummer, «White River Canyon», «A River’s Fury!», «River City» og «Call to Victory» – ikkje av den lettaste musikken ein kan gå laus på med ein så ung gjeng, men du verda som dei spelte. Jobben dirigent Nick Ost har gjort med desse ungane er rett og slett imponerande. I tillegg fekk Stordal skulekorps pris for beste framføring av enkeltstykke med «A River’s Fury».

Eidsdal Musikkorps under leiing av Jan Helge Andreassen vann si klasse, generasjonskorps, med «Baion», «Vuggevise», «Stal Himmel» og «Månemannen». Solistprisen i denne klassa gjekk til førstekornetten traktert av Alma Sofie Mæland. Valldal Hornmusikklag – også det korpset under leiing av Jan Helge Andreassen, tok fjerdeplassen i 2. divisjon janitsjar vaksenkorps, med Stordal/Vatne Hornmusikklag under leiing av Nick Ost på plassen framom.

Ti aspirantar frå Eidsdal Musikkorps var med på samlinga og konserten.

Ti aspirantar frå Eidsdal Musikkorps var med på samlinga og konserten.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no