Stor interesse for å høyre om vasseksportplanar

Mange hadde funne vegen til ungdomshuset i Tafjord denne tysdagskvelden for å høyre meir om planane om eksport av vatn.

Tysdag kveld var det møte i Tafjord der Aquathor fekk presentere planane for eksport av vatn frå Tafjord. Etter at Stig Falling frå Tafjord Kraftproduksjon AS hadde ønskt velkomen, fortalde han at Harald Vartdal tok kontakt med Tafjord Kraftproduksjon AS for snart to år sidan og presenterte tankane om vasseksport.

Ønskjer utvikling

– Vi i Tafjord Kraftproduksjon AS er opptekne av vekst og utvikling i Tafjord-bygda og vil støtte opp om alle gode idear som kan føre til nettopp det, sa Falling før han gav ordet til ordførar Arne Sandnes.

– Norddal kommune er interesserte, vi treng meir verdiskaping og fleire arbeidsplassar, opna Sandnes før han la til at dette også handlar om å finne eit balansepunkt mellom bruk og vern av naturverdiane i Tafjord.

– Vi har noko av det mest sakrale på kloden, Tafjorden, og vi er voktarar av ein verdsarvfjord, sa han, men meinte også at dette prosjektet kan sjåast på som del av klimasaka.

– Vatn er eit knappheitsgode, men det må vere berekraftig både med omsyn til miljø, til økonomi og sosialt. Vi skal ikkje konkludere her i kveld, men eg synest prosjektet er veldig spennande, sa ordføraren.

Naudvatn

Pål Jacob Jacobsen frå Aquathor fekk ordet – han presenterte seg og litt om bakgrunnen sin. Han fortalde at han kom inn på dette temaet for ein ti-tolv år sidan og at han med seg på laget – både i verksemda og på møtet tysdag – hadde Georg Sverdrup Onsrud og Harald Vartdal. Det er også ein fjerde person i Aquathor AS, Ole Gjøstøl, men han var ikkje til stades på møtet tysdag.

– Det er mange område i verda der det er mangel på vatn, og det les vi stadig om i avisene, fortalde Jacobsen og la til at ein ikkje nødvendigvis treng å sjå langt avgårde for å finne område med vassmangel. Også i Europa er det område som har problem, som Italia og Spania.

– Vår idé går på naudvatn, altså naudvatn til å fylle opp lagera om tørken kjem og krisa er der, slo Jacobsen fast.

Han fortalde at dei tidlegare på dagen hadde vore og kika på Zakariasdammen.

– Det er ein ypperleg dam, syntest Jacobsen som syntest det var synd at dammen berre er eit «elektrisk batteri» og ikkje eit «vassbatteri» også. Han fortalde at det fleire stader, mellom anna i Pyreneene blir slike dammar nytta til både å produsere elektrisitet og i staden for å la vatnet gå til spille, vert vatnet som har produsert straum leia ut til bruk for til dømes vatning av jordbruksareal.

Jacobsen meinte også at verksemda oppfyller FN sine berekraftsmål før han gav ordet til kollega Harald Vartdal.

God vasskvalitet

Vartdal kunne fortelje at vatnet i Tafjord er godt eigna som drikkevatn, og at vasskvaliteten er godt dokumentert gjennom analyse av prøver over lengre tid. Av anlegg som vil vere å finne i Tafjord, vil det – i tillegg til sjølve vatnet – vere eit vassbehandlingsanlegg der vatnet vert reinsa, det vil vere ein terminal og det vil vere skiping.

– Det vil bli nytta tankskip med rustfrie tankar som er sertifiserte for transport av næringsmiddel, fortalde Vartdal. Han la også til at tankskipa som vil gå inn fjorden er små, om lag 150 meter lange og som kan ta 20.000 kubikkmeter vatn, eller 20 millionar liter vatn. Han meinte også at utsleppa frå desse tankskipa er til å leve med – med utslepp som er betydeleg lågare enn frå ferja som trafikkerer Eidsdal-Linge til dømes.

Dei ser på ulike former for anlegg, og drøymer om å byggje kai med tilgang til landstraum. Kaia ser dei isåfall føre seg kan gå langsmed stranda i retning av tunnelen.

– Men dette er førebels berre tankar, men vi trur dette kan vere ein katalysator for å få til andre ting i bygda, slo han fast.

Stortinget sitt vedtak om nullutslepp frå trafikken på verdsarvfjordane frå og med 2026, meinte han ikkje i starten vil gjelde tankskip – ettersom det i vedtaksteksten var spesifisert at det gjeld fartøy som turistskip og ferjer og ikkje annan skipstrafikk.

Neste post på programmet for karane i Aquathor AS vil vere å starte ein planprosess for prosjektet. Og noko av poenget med ein slik planprosess, er å få kartlagt om eit prosjekt slik Aquathor AS skisserer i det heile tatt er mogleg eller lurt å gjennomføre.

Spørsmål frå salen

Då dei som skulle fortelje var ferdige med det, vart det opna for spørsmål fra salen. Og spørsmåla lét ikkje vente på seg.

Ein lurte på kor lenge vatnet vil halde seg i ein slik båt.

– Vatnet kan iallfall transporterast i 20 dagar, og om det vert tilsett litt klor, held det seg lenger, svara Vartdal.

Ein publikummar lurte på om alt vatnet frå Tafjord er tenkt å gå til dei som faktisk treng det, eller om ein kan risikere at det blir skipa ein stad der det blir tappa på flaske og seld.

– Naudvatn er det som er kundegrunnlaget no, men ein kan også tenkje seg å køyre vatn til andre. Men vatnet herifrå blir relativt dyrt, derfor er det naudvatn som er det mest reelle, meinte Vartdal.

Eit anna spørsmål var kor mange arbeidsplassar ein kan rekne med det blir lokalt av dette prosjektet.

– Vi har ikkje gjort nokon spesielle vurderingar kring det, svara Vartdal og måtte etter kvart medgi at veldig mange arbeidsplassar kan ein nok ikkje rekne med at det blir.

– Eg synest dette vert framstilt som idealisme, men de skal tene pengar og dei som vil ha vatn får kjøpe, var det ein som sa.

– Slik det er no, er det ingen som tener pengar på vatnet, det renn berre rett ut i fjorden, er det bra, parerte Jacobsen.

Det vart også stilt fleire spørsmål kring omfanget av skip inn fjorden – ein om dagen kvar dag, meir eller mindre.

Her vart svara frå Aquathor-karane meir ulne. Kanskje ein båt for dag i ein periode og så kan det gå tid mellom kvar gong, var det beste svaret forsamlinga fekk.

Det vart også stilt spørsmål om det naturbaserte reiselivet i Tafjord som er stadig aukande og om dette er utgreidd som del av planane til Aquathor.

– Vi har lite kunnskap om reiselivet her. Vi kan noko om skipsfart, men ikkje turistnæringa, den har vi inga meining om. Dette må isåfall inn i ein planprosess, sa Vartdal.

– Eg trur ikkje noko på dykk. Så snart anlegget er klart, så sel de vatn så mykje de orkar. Innrøm at det er målet dykkar, å selje vatn, og slutt å snakke om tørkeperiodar. Alle treng vatn og det er pengar som ligg bak her, tordna det frå salen.

– Vi skal vere så ærlege at vi må tene pengar, var svaret frå Georg Sverdrup Onsrud.

Ordførar Arne Sandnes meinte at ein må setje vern av natur og aktivitetsturisme opp mot vasseksport og så velje det som kastar mest av seg med omsyn til arbeidsplassar.

– Men vatn er mangelvare og vi må hjelpe verden. Dette kan bli veldig god butikk, sa han og la til at han synest ideen er bra, men at ein får vurdere om dette er noko vi vil ha.

Ikkje alle publikummarane var like negative.

– Om det blir to eller tre båtar dagleg, så skal vi berre vere sjeleglade, det er positivt at noko skjer. Stå på alt de klarar, vi må unne nokon å tene pengar, var det ein som sa.

Andre peikte på at naturen i Tafjord slett ikkje er urørt, men at den på eit vis vart øydelagt allereie på 1920-talet med monstermaster og slike ting.

– Men det kjem masse turistar hit likevel, vart det påpeikt.

Planprosess

Ingenting vart altså konkludert denne kvelden – anna enn at det no vert sett i gang ein planprosess slik alle som vil i gang med slike tiltak som Aquathor AS ønskjer, må gjere. Ein planprosess kan fort ta tid, så ingenting vil truleg kome til politisk behandling før om eit år eller to.

– Vi ønskjer dialog for å sjå om dette går an å få til, avslutta Harald Vartdal før publikum vart takka for oppmøtet og ønskt vel heim.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no