Stor oppslutning om streiken

Mange streikande samla seg utanfor Spar i Valldal onsdag 28. januar for å markere si misnøye med regjeringa sitt forslag om endringar i arbeidsmiljølova. Mette Natland frå Fagforbundet held appell.

I går mellom klokka to og fire var det politisk streik, der fleire forbund deltok.

I Valldal sentrum møttest fleire titals streikande frå Fagforbundet, Utdanningsforbundet, Delta, Lederne og Sjukepleiarforbundet. Dei tok del i den landsomfattande streiken mot regjeringa sitt framlegg til endringar i Arbeidsmiljølova.

Med seg hadde dei informasjon som dei delte ut.

– Vi streikar mot framlegget til endringar i Arbeidsmiljølova. Endringane inneber lengre arbeidsdag, meir pålagt overtid og meir bruk av midlertidige tilsetjingar, seier dei og viser til at dette vil gå spesielt ut over yrke der fleirtalet av dei tilsette er kvinner.

– Vi har brukt mange år på å få den arbeidsmiljølova vi har. Om endringane går gjennom, vil det bety eit langt tilbakesteg. Vi treng trygge arbeidsforhold, seier dei.

Varsla

Mange av dei som streika, er tilsette i pleie og omsorg, men dei forsikra om at det var nok folk att på avdelingane slik at dei kunne gjennomføre denne to timar lange streiken. Streiken er også frivillig, det betyr mellom anna at arbeidgjevar kan trekkje dei streikande i lønn.

Dei tilsette ved skulen og SFO avslutta klokka to. Foreldra var varsla, slik at dei kunne hente ungane før streiken tok til.

– Streiken er viktig for å vise at vi ikkje aksepterer at rettar som er opparbeidde gjennom mange år, vert tekne frå oss, seier dei og legg til at denne streiken ikkje går ut over nokon.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no