Stor pengegåve til skumanlegg

Ordførar Arne Sandnes fekk æra av å klippe snora på den nye tankbilen til brannvesenet i Valldal.

Tysdag ettermiddag feira brannkorpset i Valldal seg sjølve, ny tankbil og ein raus donasjon frå Indre Sunnmøre Gjensidige Branntrygdelag med både snorklipping og marsipankake.

Brannsjef i Norddal kommune, Lars Kjell Smoge, ønskte både ordførar, rådmann, brankorpset og alle andre som var til stades velkomne til markeringa. Han fortalde at det var på høg tid at den gamle tankbilen vart bytta ut.

Søkte om støtte

– Den var 38 år gammal og hadde gått 1,2 millionar kilometer, så den hadde eigentleg gjort jobben sin, sa Smoge og fortalde at ny tankbil har stått på ønskelista ein stund. Då nybilen dukka opp for sal i Trondheim, tok Lars Kjell Smoge og Ove Indreeide turen opp for å hente den.

– Då vi såg at det var plass til eit skumanlegg i bilen, sende vi søknad til Indre Sunnmøre Gjensidige Branntrygdelag i håp om å få støtte til noko slikt. Og så vil eg takke Ove for alle kveldane han har brukt for å få bilen i stand slik den er no, sa Smoge og ville med dette markere at bilen er klar for bruk.

Godt utstyr er viktig

Terje Langlo frå  Indre Sunnmøre Gjensidige Branntrygdelag fortalde at selskapet har eksistert i snart 160 år – og etter deira vurdering har brannvesenet i Valldal alle dei gode kvalitetane eit godt brannvesen skal ha.

– Valldalingar er solide karar, men det trengs meir enn solide karar for å ha eit godt brannvern. Godt, rett og framtidsretta utstyr er også viktig og kan utgjere skilnaden på liv og død, sa Langlo. Han fortalde at dei i Indre Sunnmøre Gjensidige Branntrygdelag opp gjennom åra har støtta brannkorps rundt om med betydelege summar.

– Og når Lars Kjell leverte ein fyldig og god søknad på skumanlegget, var styret positiv til å gje støtte. Så får vi håpe at anlegget ikkje blir brukt så ofte, men det er viktig at de er godt rusta for ting som måtte oppstå, sa han og gav ordet til Lars Magnar Muribø som på vegner av styret i  Indre Sunnmøre Gjensidige Branntrygdelag hadde fått i oppgåve å dele ut sjekken.

– Å få kome hit og dele ut pengar, det er den argaste jobben ein kan få, slo Muribø fast før han overrekte ein sjekk på 200.000 kroner til ordførar Arne Sandnes.

Snorklipping og kurs

Ordføraren slo fast at brannkorpset – sett frå eit beredskapsperspektiv – er det viktigaste vi har i bygdene våre, dei er som regel først på staden når noko skjer og er både helseteam og politi i gitte situasjonar. Derfor nytta han høvet til å takke karane for innsatsen dei gjer før nybilen vart køyrt ut og snor skulle klippast.

Når karane likevel var samla, skulle dei ha opplæring i eit nytt beslutningsstøttesystem som i desse dagar vert teke i bruk over heile landet. Også 110-sentralen brukar det og det er viktig at alle kan systemet og at det vert teke i bruk.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no