Stordal får ny barnehage

Slik ser entreprenøren, Christie Opsahl, føre seg at barnehagen vil sjå ut når den er ferdig.

Det var ein stor dag for Stordal, Barnas kommune, då kommunestyret vedtok bygging av ny barnehage i Andersrøbbane/Grigåsrøbbane på Midtbust. Barnehagen er planlagt som ein fleksibel treavdelingsbarnehage for 48 born, det seier ordførar Eva Hove i ei pressemelding. Mot ei røyst vedtok kommunestyret å realisere prosjektet innanfor ei kostnadsramme på 26 millionar kroner. Kommunen går no til kontraktsavklaringar  med Christie Opsahl, som har signalisert at dei er klare til å setje i gong.

Noverande barnehagebygg er nedslite og tungvindt å drifte i og med at avdelingane er fordelt på fleire bygg. Det har vore ein lang og møysommeleg prosess frå kommunen sette ned ei prosjektgruppe i 2011 og fram til vedtak no vart gjort. Det har vore omvegar undervegs, men til sjuande og sist viste stordalssamfunnet fram ein av sine beste kvalitetar, nemleg evne til å konsolidere og trekkje i lag. 

Det nye barnehagebygget har fått ei arkitektonisk fin utforming og er fint tilpassa terreng og omgjevnader elles. Busengdal Transport er allereie i gang med å opparbeide veg og gangveg til det nye bustadfeltet og den nye barnehagen. 

 

Meir om debatten i kommunestyret kjem i neste utgåve av Storfjordnytt.