Stordal vil slå seg saman med Norddal

Det vart avgjort i Stordal kommunestyre i kveld. Røystinga enda med elleve røyster for å slå seg saman med Norddal, fire røysta mot.

Det vart ein kortare debatt enn det lokalavisa hadde sett føre seg før møtet tok til.

Frode Færøy (H) sette fram eit alternativt framlegg i to punkt. Det gjekk på at forhandlingsutvalget går i forhandlinger med Ørkog, Skodje, Sandøy og Ålesund kommunar og at Norddal kommune vert oppmoda til å gjere det same.

Når det etter kvart vart votert i saka, vart resultatet at stordalingane ønskjer samanslåing med Norddal med elleve mot fire røyster.

Så står det att å sjå kva Norddal kommunestyre bestemmer seg for på møtet i morgon.

Meir om debatten i Stordal kommunestyre vert å lese i neste vekes utgåve av Storfjordnytt.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no