Stordalingane går i forhandlingar

Kommunestyret i Stordal var samla onsdag kveld der dei mellom anna gjorde retningsval i kommunereformsaka.

Stordal kommunestyre gjorde som Ole Brumm og sa ”ja takk, begge delar” då retningsval i kommunereforma skulle gjerast. I tillegg blir aldersgrensa ved folkeavrøystinga 16 år.

Det vart ein spennande og sakleg debatt i saka og det enda med at eit samrøystes kommunestyre gjekk inn for innstillinga til rådmannen, dermed blir det forhandlingar med kommunane i både landkommunealternativet og regionkommunealternativet. Målet med forhandlingane er å kome fram til intensjonsavtalar som skal danne grunnlaget for rådgjevande folkeavrøysting seinare.

Amalie Dyrkorn (Ap) minte om at det er viktig at også ungdommen får vere med å påverke, ettersom det er dei som skal leve med valet som vert tatt. Ho føreslo at aldersgrensa ved den rådgjevande folkeavrøystinga skal vere 16 år og fekk tilslutning til framlegget frå resten av kommunestyret.

Meir frå debatten i saka kjem i neste papirutgåve.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no