Stordalsrennet samla mange

Også jenter 8 år og yngre fekk velfortente premiar.

Søndag arrangerte Stordal IL slalåmrenn på Overøye med nærare 100 deltakarar frå Sunnmøre og Romsdal.

Stordalsrennet skulle opphavleg gå av stabelen 6. februar, men var utsett til 6. mars.

Rennet vart greit avvikla i fint ver, og løparar frå Stordal IL kom på følgjande plassar: i klassa jenter 11-12 år kom Aurora Stokkereit på femte plass og Malene Olsen Almås på sjuande plass, i klassa gutar 11-12 år kom Mads Olsen Almås på sjette plass. Desse klassane køyrde i kort løype.

I lang løype i klassa jenter 13-14 år kom Fien van Zwieten på første plass, Maia Søe Valde på tredje plass, Hedda Helland på femte plass, Pia Søe Valde på sjuande plass, medan Celina Olsen Almås var uheldig og vart diska.

I klassa jenter 15-16 år kom Maria Larsen Stavseng på tredje plass, i klassa gutar 15-16 år kom Jørgen Larsen Stavseng på tredje plass, og i klassa jenter junior 17-18 år kom Rebekka Helland på første plass, medan Julie Olsen Almås køyrde ut.

Det var nesten 40 deltakarar som var 10 år eller yngre. I denne aldersgruppa er det ikkje rangering.

John Kristian Hjelle
john.kristian@storfjordnytt.no