Store nedbørsmengder gjorde stor skade

Stein og grus vart vaska ut under asfalten på gangvegen etter at ei stikkrenne gjekk tett.

Etter ei helg med store nedbørsmengder, fløymde grøfter og stikkrenner over tidleg måndag morgon i Lingåsen og i Murigjerdet i Valldal.

Gangvegen i Murigjerdet

Gangvegen i Murigjerdet.

Dei som skulle på arbeid i Lingåsen måtte sette att bilen heime då vegen ikkje var køyrbar. Røyr og kummar hadde gått tette og vatnet tok med seg snø og grus på si ferd.

Minst to hus hadde fått vatn i kjellaren og fleire venta på tilbakemelding frå forsikringsselskap for å få vite korleis dei skulle gå fram.

På vegen frå Lingåsen og ned til den nye Åsevegen var entreprenør i gang med å sette i stand vegen i tillegg til å reinske grøftene.

Nede i Murigjerdet var ei stikkrenne gått tett og gangvegen ned mot Muri var fullstendig øydelagd. Stein og grus hopa seg opp i store mengder i krysset der vegen går til Vollane og tidleg måndag morgon var det vanskeleg å kome seg forbi med bil.

 

Sjå fleire bilete i Storfjordnytt torsdag 8. desember.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no