Stranda blir større, Norddal/nye Fjord blir mindre

Kommunegrensene vert slik dei er i dag på Indre, det har Kommunal- og moderniseringsdepartementet bestemt.

Liabygda skal framleis høyre til Stranda og bygdene Eidsdal og Norddal flyttar til Stranda kommune.

Klokka 12 i dag la fylkesmann Lodve Solholm fram tilrådingane sine når det gjeld dei fem grensejusteringssakene i Møre og Romsdal. Han tilrår at grensene her på Indre blir endra – Liabygda skal framleis høyre til Stranda kommune, i tillegg tilrår han at bygdene Eidsdal og Norddal flyttar til Stranda.

Eidsdal og Norddal

Fylkesmannen seier at grensejusteringssøknaden for bygdene Eidsdal og Norddal har vore ei vanskeleg sak.

– Kommunestyret i Norddal og fellesnemnda for nye Fjord kommune vore sterkt imot ei grensejustering, medan resultatet frå innbyggjarhøyringa gir klart svart på at fleirtalet av innbyggjarane i dei to bygdene ønskjer grensejustering, sa fylkesmannen.

Han seier at det har vore lagt stor vekt på ein godt grunngjeve søknad som viser brei medverknad frå innbyggjarane i dei to bygdene. Fylkesmannen har også merka seg argumentet om at det vil vere ein gevinst for dei tre bygdene på den sida av fjorden, Norddal, Eidsdal og Geiranger, å vere del av same kommune. Derfor tilrår fylkesmannen ei grensejustering av Eidsdal og Norddal til Stranda kommune, med det atterhaldet at dersom dei aktuelle kommunane gjer vedtak om å ta opp att forhandlingar med nabokommunane om samanslåing, så bør grensejusteringa setjast på vent.

Liabygda

For Liabygda sin del gjorde fylkesmannen merksam å at det ikkje låg noko innbyggjarinitiativ bak dette, men var ei bestilling frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

– Stranda ønskjer å behalde Liabygda og innbyggjarhøyringa gir klar beskjed om at innbyggjarane vil forbli del av Stranda kommune, slo fylkesmannen fast og la til at innbyggjarane i Liabygda også hadde gitt klart uttrykk for eit ønske om at dei ønskjer seg ein større kommune, altså at Stranda slår seg saman med Fjord kommune.

Dermed vart tilrådinga at Liabygda blir verande i Stranda kommune.

 

Du kan lese meir om tilrådinga frå fylkesmann Lodve Solholm i avisa som kjem tysdag.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no