Strikkar seg glade

Tre kofter. Frå venstre Else Selboskar si Nansikofte, presentert på Annrid Nerhus, i midten ei kofte Inger Sissel Berdal har strikka sjølv, ho kan ikkje hugse når. Til høgre ei kofte med eit mønster kalla Voss og strikka til farfar hennar Hanne Beate Uri.

Norddal husflidslag inviterte til ope møte om kofter sist torsdag på Martin Linge-huset i Valldal.

Husflidslaget hadde flytta seg ut frå sin vande tilhaldsstad i husflidsbutikken for å få litt betre plass og for å prøve noko nytt.

Mange av dei frammøtte var medlemmer i Norddal husflidslag, men langt frå alle. Her var det god prat og  utveksling av kunnskap. Kunnskap om husflid og strikking var det mykje av i dette rommet. Ikkje berre var gjennomsnittsalderen ganske høg, mange av dei er ivrige til å strikke òg. Det er mange kilometer strikkegarn som har vore innom desse fingrane.

Garn og kofter

Dei snakkar om kofter og om korleis plagget no igjen er kome på moten. Ei kofte er ei jakke med mange ulike mønster. Det sit nokre få kofter rundt i rommet, og Hanne Beate Uri seier at den ho har på seg, tilhøyrde farfar hennar, og ho kallar mønsteret for Voss. Inger Sissel Berdal har strikka si sjølv, men kan ikkje hugse når.

Genseren kalla dei Valldal og mønsteret var det Sandnes Uldvarefabrikk som gav ut ein gong på 1960-talet. Det blir påstått at bakgrunnen er frå Valldal. Nokon som kjenner seg att?

Genseren kalla dei Valldal og mønsteret var det Sandnes Uldvarefabrikk som gav ut ein gong på 1960-talet. Det blir påstått at bakgrunnen er frå Valldal. Nokon som kjenner seg att?

Gammalt mønster

Annrid Nerhus driv og strikkar ein genser etter eit mønster med det klingande namnet «Valldal». Det er Sandnes Uldvarefabrikk som gav ut mønsteret ein gong i 1960-åra. Brosjyrar med mønsteret fann May Waldal og Maria Osvik då Maria skulle avslutte garnbutikken på hjørnet i gamle Sylte Hotell for ein mannsalder sidan. Maria påstod den gongen at bakgrunnsbiletet på brosjyren var frå Øvstestølen i Valldal. På den tida hadde mange bygder si eiga kofte eller sin eigen genser.

Storfjordnytt sin strikkeekspert kastar eit raskt blikk på genseren og mønsteret og meiner det kan sjå ut som om motivet er henta frå Fjørå og naustrekka der.

Eit blidt møte

Damene har funne seg godt til rette i det sosiale rommet i Martin Linge-huset. Dei fortel historier og strikkar samstundes; dei kan det damene. Og så har dei ei utlodding gåande på ein garnpakke og ein løpar. Dei servere kaffi og ei herlig kringle med melis. Dei har rikeleg av alt, denne gjengen.

Lykkeriet har vareprøver på eit bord og strikkebøker som damene kan sjå i. Somme har teke med eigne bøker, og det vert prata, strikka og hekla, og sistnemnde hadde visst gløymt kor mange kast ho skulle ha på kroken.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no