Svingande tonar på Martin Linge-huset

The Brazz Brothers spelte saman med alle korpsmusikantane i Valldal skulekorps til slutt.

Då The Brazz Brothers heldt konsert i Valldal søndag var det ein draum som vart verkelegheit for Terese Jemtegård Moen, leiar i Valldal skulekorps. 

Jemtegård Moen kunne fortelje at dette var noko ho hadde drøymt om sidan ho var lita. Då opplevde ho som ung korpsmusikant medlemmar frå The Brazz Brothers som instruktørar på sommarkurs i Ørsta, samstundes som Kenneth Ekornes og Kåre Nymark jr. som i dag spelar høvesvis trommer og trompet i Brazz Brothers.

Del av jubileumsfeiring

Det var difor ein lukkeleg smilande korpsleiar som ønskte velkommen til konsert på Martin Linge-huset søndag. 

Deltakarar frå korps frå Valldal, Eidsdal, Stranda, Stordal og Ørskog hadde fått instruksjon frå og øvd saman med dei dyktige og erfarne musikarane både laurdag og søndag. Konserten og øvingshelga saman med nabokorpsa var ein del av Valldal skulekorps si 50-års jubileumsfeiring, og korpsmusikantane deltok på slutten av konserten. 

Men først fekk ein ei rekkje musikalske opplevingar saman med The Brazz Brothers, frå speling på kuduhorn frå Sør-afrika til svelesongen frå julekalenderen «Juleferjå». Ein fekk også høyre ei urframføring av ein nydeleg julemelodi kalla «Julefred». 

Utan notar

Jan Magne Førde var den som førte ordet i The Brazz Brothers, og han fortalte at dei saman med korpsmusikantane denne helga ikkje hadde brukt notar, dei instruerte og øvde kun på gehør og direkte læring. 

Aspirantane var først ute på scena saman med dei profesjonelle musikarane, og framførte den for høvet av Jan Magne Førde nykomponerte melodien «Knerteberten» med innlagte improparti frå kvar enkelt aspirant. 

Seinare var det dei noko eldre korpsmusikantane sin tur, og dei spelte mellom anna melodien «Happy» og «My little suede shoes» av Charlie Parker saman med The Brazz Brothers. 

Det svinga skikkeleg på Martin Linge-huset denne søndagen, og ein vil tru at denne helga var til stor inspirasjon for dei unge musikantane.

John Kristian Hjelle
john.kristian@storfjordnytt.no