Ta allergi på alvor

Kommunelege i Norddal, Martin Unger, råder folk med allergiplager til å ta desse på alvor og sette i gang tiltak for å auke eigen livskvalitet.

Vår og sommar kan vere ei vanskeleg tid for dei med allergiar. Våren er  plagsam for dei med pollenallergi når bjørk, hassel, selje og or spreier pollen.

Kommunelege i Norddal, Martin Unger, har stor kompetanse på symptom og behandling av allergiar og seier det er viktig å ta allergi på alvor.

For nokon betyr allergiske reaksjonar ein redusert livskvalitet i periodar og ein vert sliten og uopplagt i tillegg til søvnmangel.

– Ved å ta allergien på alvor, kan livskvalitet betrast og i dag er det mange gode behandlingsformer. Det er viktig å få ei oversikt over kva ein reagerer på og ein god diagnose. Nokre allergiformer kan vere vanskelege å diagnostisere, seier Martin Unger ved legekontoret i Valldal.

På alvor

Ved å ta sin eigen allergi på alvor veit du kva du reagerer på og gjere det du kan for å unngå å bli eksponert. Bytte klede etter å ha vore ute når pollenspreiinga er på sitt verste, er eit enkelt tiltak saman med å skylle nasa om kvelden. For dei som er hardt ramma, er maske for munnen eit tiltak som er effektivt. På nettsidene til Astma- og Allergiforbundet [www.naaf.no] finst mykje og nyttig informasjon som kan nyttast til førebygging og der finn du òg ein app som syner pollenspreiing.

Om lag 900.000 nordmenn har symptom på pollenallergi frå or, hassel, bjørk, gras, burot eller salix. I tillegg til irriterande plager som kløe, nysing og nasetettheit, vert mange slitne, uopplagde og trøytte.

Symptoma

– Kun med allergivaksinasjon gjer vi noko med årsakene, seier Martin Unger.

På legekontoret i Valldal kan ein enkel prikktest utførast for å starte kartlegginga. Då er det husmiddallergi, bjørkepollen og Timotei det testast med, det er dei tre vanlegaste allergiane. Blodprøver nyttast for å kontrollere verdiar.  Desse testresultata saman med eigne observasjonar av reaksjonar i dagleglivet er verkty som nyttast for å kartlegge kvar enkelt sitt allerigimønster for å finne den rette medisinen. Ein pasient med rennande nase og auge vert akutt behandla med tablettar og nasespray som er lokalbehandling med kortison.

Vaksinasjon

Allergivaksinasjon er ei behandlingsform som er effektiv og blir meir og meir tatt i bruk. Om lag tre år tar det, og behandlinga startar med å sprøyte det pasienten er allergisk mot inn under huda. Det gjerast for at kroppen skal lære og ikkje reagere på stoffa og bygge opp ein toleranse. I trygge omgjevnadar får pasienten injisering og vert så overvaka så lenge det trengst.

Før ein kan starte med allergivaksinasjon krev det ei god diagnosering og planlegging. Ei slik behandling tek til om hausten.

Martin Unger har arbeidd mykje med allergidiagnose og behandling og har òg vore styremedlem i Norsk forening for allergologi og immunpatologi

For dei med allergiske reaksjonar hjelper ofte medisinen Zyrtec og liknande,som du får kjøpt utan resept.

– Nokre kan verte trøytte av denne medisinen og då er det viktig å ta kontakt med lege for å få ein medisin som er betre tilpassa, seier kommunelege i Norddal Martin Unger. Han legg til at det er viktig å starte medisinering tidleg for den med pollenallergi, gjerne eit par veker før forventa pollensesong.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no