Ta med kortet

Alle abonnentar knytt til Årim har fått eit kort som skal nyttast når du vitjar miljøstasjonane.

På miljøstasjonen kan du som abonnent levere 600 kilo grovavfall i tillegg til 1000 kilo med det som går under kategorien farleg avfall, utan at det kostar noko. Kvar abonnent har fått ein kort som skal nyttast når du levere på miljøstasjon.

– Det er viktig at husstandar som skal levere avfall, har med kortet slik at vi får registeret avfallet på abonnenten. Har du ikkje med kortet, må vi registrere det som næringskunde og du må betale, seier Yngve Hovden ved Norddal kommune.

Det avfallet du leverer til Årim, vert resirkulert så godt det går an og du er med å ta vare på miljøet. Sorter gjerne avfallet før du tar det med deg til miljøstasjonen, og hugs kortet. Det gjer arbeidet med gjenvinning enklare for alle. Med kortet kan du levere på alle miljøstasjonane som er knytt til Årim, Ålesund, Giske, Haram, Norddal, Stordal, Sykkylven og Vestnes. Lurer du på noko, finn du god informasjon på nettsidene til Årim.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no