Takka hausten med marknad

Hermetisert frukt frå Stolte Anton AS og nydeleg sauekjøt frå Toregarden var litt av det ein fann på marknaden i Eidsdal. Her ligg det i hendene til vertskapet på laurdag, Kirsti Indreeide (til venstre) og Trine Nordaunet Berge.

Lokale produkt som er framstilte med hjartet er noko heilt for seg sjølv. På marknaden i Eidsdal fekk ein oppleve slike.

Frå onsdag til søndag i veka som gjekk var lokala som no husar verksemda til Trine Nordaunet Berge, Regnbogebuda, staden for å kunne lære om, tyggje på og kjøpe gode, lokalproduserte produkt. VIEN Mat hadde i førekant invitert lokale produsentar i Eidsdal og Norddal til å stille ut det dei lagar, og her var det mykje godt å lure inn i gapet medan ein gjekk rundt. Ei eiga rame om arrangementet vart det når huset marknaden vart halden i har si eiga årelange historie. Trine Nordaunet Berge fortalde at ho no og då opplever at damer som kjem innom hugsar tida då dei sydde i fabrikken her. På loftet budde arbeidarar som kom frå andre stader av landet på hyblar. Det må ha vore mykje liv og røre i huset. Marknaden vart godt besøkt gjennom dagane.

– Spesielt glade er vi for at det var mange som kom torsdag og fredag, dagar då folk ofte er opptekne med andre gjeremål, var Trine og Kirsti einige om.

Lokalt og humant

VIEN Mat er eit forpliktande bedriftsnettverk for lokale aktørar i Norddal og Eidsdal. Aktørane tilbyr lokalmat, servering og overnatting i nære og landlege omgjevnader. Av produkt som vert framstilte i nettverket finn ein mellom anna syltetøy, kjøt, klede, ull, såpe og skinn. Nyttar ein varer frå desse er ein sikra varer som kjem frå vekstar og dyr som har levd opp og beita i noko av den reinaste og mest livsvenlege naturen ein finn i vårt land.

– Dyra på gardane som vi har varer frå her i dag har aldri smaka kraftfor, fortalde Trine.

Godt å vite, det og. Så er det slik at nokon sitt brød er nokon andre sin død. Når stunda kjem for at dyra må bøte med livet så vert dei slakta rett frå beitet. Og på beitet, der går dyra det meste av våren og sommaren og har sunn og god natur å leve i.

– Så er det slik at frukta som er nytta i produkta kjem frå allereie etablerte hagar i bygdene våre, la Kirsti til.

– Ein del av frukta hadde ikkje blitt brukt til noko om ein ikkje nytta henne i slik produksjon, minna ho om.

På bord og i diskar låg den eine freistnaden etter den andre. Ein høyrde folk som var innom seie at om dei no ikkje handla noko akkurat i dag, så er det kjekt å få sjå nærmare på alle beskrivelsane av produkta og vite at dei finst om ein vil kjøpe. Innsatsen og haldningane som ligg bak varene ein får kjøpt slike stader er ubetaleleg, og svært viktig for framtida. Dei vaksne i verksemdene ber vidare tradisjonar og gjeremåtar ein treng i vår tid, og dei minste får lære korleis og kvifor ein får på bordet dei godene som ein får.

Utstillarar

Frå Melchiorgarden til Petter Melchior og Torunn Ljøen fann ein velsmakande spekemat frå geit. Bringebær- og eplesaft hadde òg dette tunet bidrege med, og den er svært god, kunne Kirsti bekrefte. Jannicke Tafjord på Ytste-Kilsti sitt kje- og fjordfekjøt var på plass. Sauekjøt, svært velsmakande var det, fekk ein frå Toregarden der Tore Kristian Indreeide og Anne Louise Vestnes Indreeide driv. Nerigardsbakst, driven av Kirsti Indreeide og systra Torunn i Nerigarden på Veiberg, stilte med grovbrød, flatbrød, potetlefse og anna godt. Potetlefsa frå Nerigarden fann forresten fint ut av det ilag med ølsirupen frå Tonga Gardsbryggeri. Ei ny og annleis oppleving for ganen. Frå Tove og Roars Naturgard i Gunnagarden fann ein eplesaft, jordskokk og  såper til mange slags bruk og ikkje minst sheasmør. Og kva er no det? Økologisk og uraffinert, opphavleg frå Uganda og med ein snert av latex skal det kunne brukast både inn- og utvortes mot hudplager, ømme musklar, rynkete hud og mykje meir. Trine og mannen Bjørn Egil Berge på Berge har dyr med aner frå vikingtida i sitt dyrehald. Kjøt frå gamalnorsk spelsau som er avla der, fekk ein kjøpt under marknadsdagane om ein ville det.

– Her har du noko å tyggje på, sa plutseleg Kirsti, og heldt fram tørka snacks frå Liv M. Nystad i Jørngarden. Syrleg og krute godt. Så var det is frå Storfjord Iskrem i Stordal og geitekarameller frå Herdalssetra. Honning frå Søstrene Dale si birøktardrift i Norddal. Syltetøy,gelèar og grønkålpurè stod klare på borda, direkte frå Stolte Anton AS som vert driven av Margreta Veiberg. Store og saftige plomme frå Paul Relling i Ebbegarden og flotte vintereple frå Elida Brenna Linge på grøderike Linge. Og enno meir for ein kvar smak. Vi oppheld oss i eit matskap her i traktene, ingen tvil om det. Og ingen tvil er det om at ein håpar arbeidet held fram i tuna, slik at ein får meir av alt dette i framtida.

Mathilde Vinje
mathilde@storfjordnytt.no