Takkar gjestane for ei fin tid

Borddekking og å gjere det triveleg for gjestane har vore viktige ingrediensar i Eli og Mike sitt liv i mange år.

35 år med eigarskap, drift og engasjement er på hell. No håpar Eli Linge Boatwright og Mike Boatwright at neste eigar tek vare på æra til huset.

Vi er slitne, men ikkje meir slitne enn at vi ynskjer oss mange gode kreative år framover, eg og Mike, beskriv Eli situasjonen dei er i no. Ho tek i mot i ein vinterstengd restaurant på Fjellro Turisthotell i Valldal. Stengd eller open, stemninga til huset er så absolutt til stades uansett. Det er stort sett Fjellro som har styrt livet til Eli og familien sidan dei tok over.

Å eige og drive noko er ein livsstil, det er det ikkje tvil om, seier ho. På minnet har ho opplevingar og historier som aldeles ikkje forsvinn med eit sal.

Multitilpassing

Eli meiner det ordet dekkjer bra korleis det har vore å drive ein stad som det Fjellro er.

No framover ynskjer eg og Mike å bruke tid på interesser vi eigentleg har hatt heile tida, men som har måtte vike for fysisk og mentalt arbeid sidan åttitalet, held ho fram.

Eli nemner gleda i å få drive med skriving og ikkje minst pottemakarverkstaden som har hamna litt på is med tida, men som det absolutt er mogleg å puste liv i no. Helsa er det og viktig å ta vare på, det er ikkje alltid at ein let den vere i hovudsetet når det er mykje anna å tenkje på.

For drift og eigarskap i ein overnattingsstad som Fjellro er krevjande. Som vertskap skal ein helst følgje tida, planlegge og fronte ein stad der folk kan kome for å kose seg, slappe av og oppleve noko dei ikkje har i kvardagen. Første åra booka gjestar seg inn i romma til andreetasjen på huset. Seinare år har gjestar nytta bygga som er oppførte rundt hovudhuset, New Home, som den eksentriske CA Hoel ein gong døypte verket sitt for.

– Mike har vore med på utbygginga som har vore, seier Eli.

– Han har snekra, mura, måla, tapetsert, bygd i stein, greve i hagen eller kokt mat, Alt må til, og då må ein så klart kunne handtere sjonglering. Dette er arbeid som har gitt både utfordringar og glede og gode tilbakemeldingar frå gjestar som vitjar, minnest ho.

Det hender at eg møter personar som seier til meg at eit av dei sterkaste ungdomsminna deira er frå tida dei gjekk her på Fjellro i helgene. Det varmar, fortel Linge Boatwright.

– Noko av det som skal bli godt  med å ikkje ha ansvar her, er å ikkje måtte forhalde seg så jamt til tidsfrister, seier Linge Boatwright.

Tidlegare var opningstidene romslegare enn dei er no. Alt på huset var heilårsope, Eli nemner kun julaftan som dagen i året då dei heldt seg heime og ikkje opna dørene for folk.

– Men det har vore mest kjekt altså, kjekke gjestar har gjort at det mest har vore ei sann glede å ta i mot folk, understrekar ho og ler litt.

Interessentar

Sønene har sine liv på sine kantar, og dei er ikkje opne for å drive staden vidare. Det har Eli forståing for. Med alt det har innebore å leve med Fjellro og ikkje minst kor mykje ein må setje til side for å bruke tid på ein slik stad.

– Det er no framover eg verkeleg føler at vi kan få den tida til borneborna og familien elles som vi ynskjer, fortel Eli.

– Det er seriøse interessentar i biletet som vurderer å kjøpe Fjellro, kan Eli fortelje vidare.

Ho kjenner at det vert spanande. Medan vi tek ein runde i hovud- og andreetasjen minnest ho med ord korleis mykje har vore her gjennom tidene. Mange ulike fargar og mønster går att i det meste av interiøret.

– Sjå spelet i dei fine gamle vindauga, utbryt Eli plutseleg.

Ho fortel at vindauga er i råglas, og ho meiner det ikkje er nokon type vindauge som kan måle seg med slike når dei er nypussa. Å ta vare på sjela til eit hus er viktig, meiner vertinna. Ho synest ikkje at ein ny epoke skal leggje att absolutt alt frå førre epoke, og håpar inst inne at dei som måtte kome til å ta over eigarskap og drift har litt av den same innstillinga.

– Samstundes er det viktig å ha respekt for andre sine ynskjer og idear. Folk må få lov til å ha eigne planar, understrekar Eli.

Fram til eit eventuelt sal er på plass aktar ho og Mike å ha full drift i turisthotellet.

– I dag reiste faktisk ein russisk familie som har budd hos oss nokre dagar, kan ho fortelje.

– Dei hadde hatt kjempefine og litt utypiske feriedagar for turistar her å vere. Dei syntest det var spennande å besøke traktene våre utanfor sommarsesongen og snakka om Geiranger og Juvet som nokre av høgdepunkta, smiler Eli.

– Komande sesong har svært god førehandsbooking, noko som lovar godt om det framleis er oss sjølve eller ny eigar som styrer roret, seier dei.

Og så er det viktig for henne å nemne at sjølvsagt er folk velkomne til å bestille arrangement og leige seg inn også no framover.

Mathilde Vinje
mathilde@storfjordnytt.no