Talentfulle unge folkemusikarar med konsert

Anders Vassli Brekke, Thea Marie Ytterdal og Anja Savic Røed har gått på Toneheim saman og kallar trioen sin “Laus”.

På 20-årsdagen sin inviterte Thea Marie Ytterdal til konsert i Norddal kyrkje søndag kveld. Med seg hadde ho to vener ho har gått på Toneheim folkehøgskule saman med det siste skuleåret.

Thea Marie og fela hennar kjenner alle i Storfjordnytt sitt område – ho er ein talentfull folkemusikar som har planar om å gjere musikken til leveveg og til hausten blir ho elev ved Ole Bull-akademiet.

Huldra i kyrkja

Denne sommarkvelden hadde Thea Marie med seg Anders Vassli Brekke som trakterte alt frå kyrkjeorgel til piano, kontrabass og trekkspel – ein ung mann med mange talent som også skal studere musikk til hausten, instrumentet hans blir orgel.

Den tredje i trioen var Anja Savic Røed – berrføtt og lita og med rufsete hår, såg ho ut som ei hulder. Og huldreeigenskapene hadde jo i rikt monn. Det heiter seg at huldra er ven å sjå til, at ho har ei vakker røyst når ho syng og at det er lett å bli bergteken av ho. Anja var alt dette og saman med dei to dyktige musikarane, var det lett å la seg bergta av musikken dei framførte.

Mangearta folkemusikk

Thea Marie fortel at dei gjennom det året dei har gått på Toneheim har arbeidd mykje saman, dei har delt slåttar og stev og lært om kvarandre sine folkemusikktradisjonar.

At folkemusikk er så mangt og har mange ulike former, fekk dei som tok turen til Norddal kyrkje høyre, for her var det alt frå kveding til bluegrass til vals, bånsullar, slåttar og religiøse folketonar – og mykje anna.

Den vakre songen som handlar om at vi ikkje må sove bort sumarnatta,

Nøgd publikum

– No må du skrive fint altså, var beskjeden Storfjordnytt sin utsending fekk frå ein av dei besøkande etter konserten.

Og reaksjonen var representativ for dei frammøtte: dette var stort! Til og med to engelske publikummarar var til stades, og deira dom var: ”extraordinary”.

Dei tre i Laus er dyktige musikarar, med nok erfaring til å vere kvitt verste nervøsiteten, men framleis unge og ”uerfarne” nok til at det er sjarmerande. Og sjølv om det nok ikkje var så moro for songaren då jarnteppet senka seg og bånsullane plutseleg var vekk, var konserten imponerande likevel. Desse ungdommane kjem vi heilt sikkert til å høyre meir frå i åra som kjem.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no