Tar i bruk naturen

Det unge og naturlege paret, Benedicte Sakkestad og Erlend Kløvjan Ringstad, har følt seg godt teke i mot i den nye kommunen sin og gleder seg over å bu i ein slik storslått natur.

Benedicte Sakkestad og Erlend Kløvjan Ringstad prisar friluftslivet i kommunen og leier kvar si bedrift som lever av det naturen har å by på.

Benedicte Sakkestad kjem frå Haugesund har bachelorgrad i friluftsliv og har teke til i jobben som dagleg leiar i Kraft og skredsenteret i Tafjord. Ho starta som driftsansvarleg 1. mai og tok over som dagleg leiar etter Gro Marita Stennes Valdal 1. september. I tillegg til bachelorgrad i friluftsliv og ei stor interesse for natur og naturkrefter, har ho fagbrev som prosessoperatør – ei ung kvinne med allsidig erfaring.

Byjente

Storfjordnytt treffer henne på kontoret på Fjordhagen etter at ho har hatt eit langt strategimøte med styret og to eksterne folk, Geir Steinar Wiik frå destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Ragnar Heggdal frå Classic Norway.

Det vert ein del kontorarbeid for naturmennesket Benedicte, men ho reknar med ho venner seg til det etterkvart. Ho er 25 år, kom flyttande til Valldal etter sambuaren sin Erlend Kløvjan Ringstad som tok til i jobben som dagleg leiar i Valldal Naturopplevingar våren 2016. Paret har funne seg godt til rette på Omenås i Valldal.

– Det er ikkje så mykje folk her, eg kjem frå ein by, så det er litt annleis. Det er fint her og ein flott natur, og om det er lite folk, er dei kjekke, dei vi har møtt til no, smiler jenta frå Haugesund breitt. Med 50 prosent jobb reknar ho med å få god tid til å sjå seg rundt i området.

Synleggjering

Første gongen ho var i Valldal var ei overnatting i 2014, då paret sykla Norge på langs. Andre gongen var i fjor, då ho vitja kjærasten sin. Då han bestemte seg for å flytte og ta jobben i Valldal, følgde ho gjerne med, men ein jobb måtte ho ha om ho skulle flytte. Då dukka jobben i Tafjord opp. Det er ei 50 prosentstilling, og ein god del av jobben går ut på å marknadsføre kraft- og skredsenteret og å utvikle nye og fleire aktivitetar og opplevingar.

Rappelering

Benedicte er spesielt interessert i klatring, så er det naturleg at den nye opplevinga i Tafjord til våren vert rappelering ned demninga på Zakariasdemninga. Der har ho allereie lagt ned mykje arbeid, og når dei set i gong til våren skal alt vere klart og trykt.

– Der er ein heilt spesiell kjensle når du klatrar over kanten og det er hundre meter rett ned, eit skikkeleg kikk og ei heftig oppleving på vegen ned. Du opplever ei kjensle av meistring når du er nede, og så er det ei utfordring oppatt den bratte fjellsida i sikra rute tilbake til vegen. For dei som ikkje treng så store utfordringar, vert det òg rappelering på bygget til Kraft- og skredsenteret i Tafjord.

– Eg vil gjerne sjå resultat av det arbeidet eg legg ned, det er viktig for meg seier Benedicte Sakkestad.

Valldal naturopplevingar

Erlend Kløvjan Ringstad er sambuaren til Benedicte, og han kjenner Valldal godt, sidan dette er den femte sesongen hans her, dei fire første som guide, årets sesong som dagleg leiar i Valldal naturopplevingar. Han har master i naturbasert reiseliv og har kjøpt seg inn som eigar med ein liten del i Valldal Naturopplevingar. Han kjem frå Myrvågnes på Herøy og er Sunnmøring av det ytre slaget.

– Eg er komen midt i smørauget, det er dette eg gjerne vil arbeide med, og her i denne naturen og kulturen er det eit stort potensial i tillegg til det Valldal Naturopplevingar allereie har lagt til rette for, seier dagleg leiar Erlend Kløvjan Ringstad.

Det viktige for han er å utvikle satsinga Valldal Naturopplevingar har på heilårsdrift. Dei vil prøve å få til gode vintereaktivitetar for ulike grupper. Dei tok raskt kontakt med Valldal Fjordhotell for å få i gang eit samarbeid.

– Det er veldig bra for oss å ha ein slik seriøs og konkret samarbeidspartnar, som også satsar på opplevingar ute i naturen som aktivitet for sine kundar, seier Ringastad. I tillegg til vintersatsinga skal dei vidareutvikle havkajakktilbodet til dei som vil padle på fjorden.

Storfjordnytt treffer paret på Klovset tysdag kveld då dei er på veg til Vardefjellet for fyrste gong.

– Det er så mange flotte stader og oppleve i denne kommunen, det er berre å kome i gang. Ein varm septemberkveld med ei slik utsikt er ei god oppleving, seier Erlend Kløvjan Ringstad. Saman med sambuar Benedicte forsvinn han fort opp råsa til Vardefjellet.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no