Tek vare på fjordhistoria

Med opphav frå Nederland og lang tradisjon i Noreg er det mykje å lære om jekta, forstod ein på Knut Maaseide.

Lokalhistorie bør takast vare på og formidlast for å leve vidare. Foreininga Sjøfart og Sjøbruk i Storfjorden jobbar for nettopp dette.

Dei viser til eit utfordrande arbeid, men er takksame for at mykje av kunnskapen om mellom anna fiske, ferdsel, båtbygging og ulukker i og langs fjorden er teken vare på og kan formidlast.

KORT SAGT

• 2015 byrja ei arbeidsgruppe, beståande av Anders Liaaen, Johan Weiberg Gulliksen, Are Homlong, Harald Kjølås og Jarle Sulebust å samle historie knytt til bruken av Storfjorden dei siste hundreåra

• Om lag tjue personar frå fleire kommunar på Sunnmøre engasjerte seg den gongen

• I dag består gruppa av leiar Harald Kjølås og styremedlemmane Johan W. Gulliksen, Jarle Sulebust, Are Homlong og Knut Måseide

• Nettsida «Sjøfart og Sjøbruk i Storfjorden» er blitt oppretta av gruppa som informasjonsbase

• Foreininga har i seinare tid fått sponsorar som mellom anna bidreg til at nettsida kan driftast

Batt bygdene saman

Hadde dette fjordområdet blitt eit verdsarvområde om ikkje kulturhistoria var kjent, undra Harald Kjølås seg på, då om lag tredve personar var samla til eit orienteringsmøte på Valldal Fjordhotell i veka som var. Møtet var ope for alle interesserte.

Det kom fram at fjorden har vore eit knutepunkt for folket og bygdene på fleire vis.

Folk har i fleire generasjonar nytta fjorden til ferdselsveg på same viset som vi nyttar vegane i dag, og det var ikkje spørsmål om vèr eller føre når ein la ut på vatnet.

– Fjorden var ikkje noko mindre enn «riksveg nummer èin» i gamle dagar. Legeskyss, frakting av varer, vitjing mellom bygdene og kyrkjeferd var faste gjeremål i tida, og ulukker skjedde, sa Astor Furseth og minna om at i dag er fjorden meir vorte ei hindring enn eit knutepunkt.

Fjorden ga og tok

Furseth fortalde om nokre av drukningsulukkene som har funne stad i Storfjorden i løpet av dei siste hundreåra. Mellom Hellesylt og Geiranger finn ein staden «Korsen», der eit kvitt kors er mala i fjellet til minne om brudefylgjet som gjekk ned der på 1600-talet. Vi fekk høyre om Anne Hellebostad frå Sunnylven som vart sviken av karen ho var trulova med. Han hadde funne seg kjærast frå Geiranger, og paret skulle til Stranda for å gifte seg. Anne var hemngjerrig for dette, og på bryllaupsdagen til paret bar ho inn eit trau med vatn, sette ei skål på vatnet og dreia den rundt medan ho messa fram: «No kavar ho gullkrone.»

På fjorden oppstod det eit forrykande uvèr, og båten med brudefylgjet gjekk ned.

Prestane var ein viktig del av folk sine liv, og Furseth nemnte litt om haldningane deira.

– Dei framstår for oss som generelt tafatte og ubevisste på kva rolle dei eigentleg hadde, sa han og viste til mange døme der personar som ikkje vart funne etter ulukker ikkje var registrerte i kyrkjebøkene.

– I 1812 kom det ei eiga lov om at dødsårsaka skulle førast opp når presten noterte eit dødsfall i kyrkjeboka. Før dette hadde det berre blitt gjort sporadisk, fortalte Astor Furseth.

Flytta hus med båt

– Når vegane kom med bil- og busstransport, forsvann ein æra, sa Harald Kjølås.

– Tida med fjordbåtane var heilt spesiell, meinte han.

Sjølv husflytting føregjekk med båt på den tida. Når folk flytta så tok dei ofte med seg husa sine. Både bustadhus og løer vart flytta og gjenbrukt. Det var lite med skog, og tømmer var dyrt. Den fjordgarden som truleg har teke i mot flest flytta hus, er Ospahjellen utanfor Eidsdal.

I 1885 vart det bygd eit toetasjes hus blant kyrkjebudene på Stranda. Det var butikklokale i åra framover. Stranda Handelslag som var siste brukar, bygde etter kvart sitt eige hus, og det gamle vart selt, demontert og flytta til Ytste Smoge så seint som i 1939, før det vart sett oppatt som bustadhus der.

Ulike båttypar

Knut Maaseide informerte om jekta si historie.

– Det er mange teoriar om opphavet til den, fortalde han mellom anna.

Maaseide snakka om typiske kjenneteikn på desse båtane, mellom anna fekk vi vite at jakta er ein yngre modell enn jekta. Seila på jakta står i lengderetning med båten, ikkje på tvers som på jekta. Både opphavet til båten og namnet stammar frå Nederland og sjølv om skipsskatten vart eit pålagt krav allereie på 1500-talet, var jekta og jakta viktige fartøy når varer frå gardane skulle fraktast rundt om i landet.

Mathilde vinje
mathilde@storfjordnytt.no