Tek vare på kyrkjebygga

Arnstein Sæthre sitt arbeide er å gje råd og ta vare på kyrkjebygga i området til Storfjorden kyrkjelege fellesråd.

Arnstein Sæthre er tilsett i Storfjorden kyrkjelege fellesråd som rådgjevar for kyrkjebygg. Han har sidan 2012 vore tilsett i stillinga der han har ansvaret for kyrkjene i kommunane Stranda, Stordal, Norddal, Ørskog og Skodje. Storfjordnytt trefte han i Stordal kyrkje førre torsdag då han var i ferd med å montere opp ein videoprojektor som Stordal sokneråd har kjøpt inn til bruk i kyrkja.

Ein trekonstruksjon ligg på golvet medan Arnstein kikkar i monteringsanvisinga til festet som skal halde projektoren.

– Dei kjøpte den i sommar og no vil dei gjerne ta den i bruk til lysmessa på søndag. Så då var det berre å ta fatt, seier Arnstein. Han legg frå seg drillen og studerer litt på det avanserte festet.

Trekonstruksjonen skal monterast med hengslar framme på venstre side av kyrkja og når den ikkje er i bruk kan den svingast heilt inntil veggen. 

– Eg rekk ikkje å få måla den til lysmessa, men på sikt skal den få same farge slik at den nesten ikkje synast når du sit i kyrkja, seier rådgjevaren for kyrkjebygg.

Arnstein Sæthre konsentrerer seg og borar hol til skruane og nyttar ein papirmal. Verkty og skruar ligg å golvet og litt etter litt forsvinn delane på plass. Det er ikkje sjølvsagt korleis den skal monterast, så dette er ikkje arbeid for kven som helst. Når den er ferdig montert, og viss alt verkar som det skal, vil bruken verte enklare og kvaliteten betre enn tidlegare. 

Arnstein Sæthre bur og har kontor på Skodje. Han er inngift der og reknar seg sjølv som skodjeværing

– Skodje kyrkje er vel det kyrkjebygget eg likar best fordi det er mi kyrkje. Favoritt nummer to er kyrkja i Norddal. Den er eldst og er den meste intakte og originale, seier Arnstein Sæthre.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no