– Tel dei døde over borna?

Denne gravemaskinen har skava av topplaget på leikeplassen ved sida av kyrkjegarden i Valldal for å sjå om der er ting av arkeologisk interesse.

Spørsmålet kjem frå Eli Linge Boatwright, eigar og drivar av Fjellro Turisthotell på Sylte i Valldal.

Linge Boatwright stod opp til graving i næraste nabolaget onsdag morgon. Ei gravemaskin er i full gang med å lette på grøntområdet som ligg rett i overkant av kyrkjegarden på Sylte, eit grøntområde Linge Boatwright er svært redd skal forsvinne. Ei arkeologisk registrering vert gjort for å finne ut om det er historiske tufter eller anna i grunnen som må takast vare på før ei utviding av gravplassen skjer.

Eit overtramp

– Dette området er eit av dei ytterst få det er mogeleg for borna å leike seg på utanfor hagane våre, i dette området, meiner Linge Boatwright. Ho hadde barndomen sin her sjølv og beskriv nabolaget som eit nydeleg område det ville vere synd å fjerne meir av.

– Om sentrum meir og meir går over til å verte ein gravplass, kva skal vi tilby dei som kjem hit, undrar ho.

Ho kallar tiltaka som er i gang for ei skam og meiner at det iallefall ikkje blir meir freistande å busetje seg i området om det er slik utviklinga skal gå føre seg. Linge Boatwright seier ho har høyrt at planane for at ei utviding av gravplassen i Valldal var meint å skje ein annan stad i bygda.

– Ja, det kan sjå fint ut på papiret når ei planlegging er i gang, men korleis blir det i verkelegheita, spør Linge Boatwright.

Pålagt prosess

Martin Flatmo Hove er ingeniør og planleggar i Norddal kommune, og har sjølv vore og snakka med dei som utfører gravearbeidet.

– Dette er ei arkeologisk registrering som må til før ein kan vite om ein kan gå vidare med ei eventuell utviding av gravplassen, seier han.

– Det som no skjer er at dei tek av topplaget til grunnen. Vert det under slike gravingar funne element eller tufter som er av arkeologisk interesse, vert det handla deretter, legg han til.

Flatmo Hove seier vidare at då han snakka med gravarane, var dei etter som han kunne sjå klare til å byrje med å fylle att i opninga dei hadde gravd, og at området skal bli sjåande ut som det gjorde før dei byrja å grave.

Mathilde vinje
mathilde@storfjordnytt.no