Startside | Abonnement | Annonser | Tenester | Historia | Kontakt oss | Arkiv | Lesarbilete | Tilbakeblikk | Lokalt næringsliv | Lokalt |

 

 

 


Her kan du sjå alle forsidene i 1990 – Tilbakeblikk 1990

Her kan du sjå alle forsidene i 1992 – Tilbakeblikk 1992

Her kan du sjå alle forsidene i 1993

 

Storfjordnytt Nr. 25 - torsdag 22. juli 1993

Norddal idrettslag arrangerte rebusløp for å få folk i form til OL, som det heitte den gongen i 1993. 33 deltakarar løyste rebusen kom då til slutt fram på Halstadsetra.

 


 
Storfjordnytt Nr. 24 - torsdag 24. juni 1993

Jonsokgrilling nede ved fjorden i Norddal i 1993.

 


 
Storfjordnytt Nr. 23 - torsdag 17. juni 1993

I 1993 var det Storfjordstemne i Muldalen og folk frå heile fylket hadde tatt turen.

 


 
Storfjordnytt Nr. 22 - torsdag 10. juni 1993
Familien til Leif Kirkebøe i Stordal var i 1993 med på eit prøveprosjekt med heimekompostering i Stordal. Etter ein månad kan dei fort sjå at det vert mindre avfall i søppelsekken når dei komposterer matrestar heime

 


Storfjordnytt Nr. 21 - torsdag 3. juni 1993
I Jørngarden på Døving set dei potet på gamlemåten våren 1993. Petter Døving styrer hesten medan sonen Jostein Døving held eit godt tak i plogen. Det var andreklasse ved Valldal skule som var på gardsbesøk på Døving denne dagen.

 


 

Storfjordnytt Nr. 20 - torsdag 29. mai 1993

 
Norddal/Eidsdal sitt damelag slo motstandaren sin Harøy heile 10-0 på heimebane vårsesongen 1993.
Bak frå venstre: Janne Stine Eliassen, Merete Løvoll, Norunn Beate Kaldhussæter, Elisabeth Thommassen, Marit Melchior Homlong, Anne Marie Kaldhussæter og Sigrunn Lilleås.
Framme frå venstre: Unni Ytredal, Ann Mari Tafjord, Inger Anne Aarset og Solfrid Fjellstad Nydal

 


 
Storfjordnytt Nr. 19 - torsdag 21. mai 1993

Bunadskledde Geirangerkarar i mai 1993: Frå venstre: Kjetil Knivsflå, Tor Hole, Ingvald Knivsflå, Jan Ivar Maråk og Terje Rusten.

 


 
Storfjordnytt Nr. 18 - torsdag 13. mai 1993
I mai 1993var det stor oppsetting av Kaptein Sabeltann på ungdomshuset på Sylte i Valldal. Mange gode krefter har vore i sving og borna storkoste seg.

 


 
Storfjordnytt Nr. 17 - torsdag 6. mai 1993

Fotballgruppa til Valldal vert sponsa av Postbanken og frå nye flotte drakter. Frå venstre: Øystein Lunde, Øyvind Sandnes, Tor J. Håseth, Odd Brede Langdal og Nelly Ytterli

 


Storfjordnytt Nr. 16 - torsdag 29. april 1993
I 1993 hadde desse ungdomane gjort ferdig tida med førebuingar og søndag 2. mai 1993 var det klart for konfirmasjon i Stordal kyrkje. Framme frå venstre: Hilde Rødset, Katrine Hjelle, Stian Talberg, Joakim Helland og Espen Ødegård. Bak frå venstre: John Marius Aarflot, Jan Petter Vad og Bjørn Inge Falling.

 


 
Storfjordnytt Nr. 15 - torsdag 22. april 1993

Våren 1993 var ungdomsskulen i Eidsdal på snøholetur i Gråsteindalen. Ei kjekk oppleving for både elevar og lærarar. Her ser vi Henning Aspehjell, Per André Rønneberg og Tore Ivar Kaldhussæter i ferd med å grave snøhole.

 


 
Storfjordnytt Nr. 14 - torsdag 15. april 1993

Påska 1993 var ei fantastisk flott påske med sol frå skyfri himmel. På Storvatnet i Dalsbygda koste folk seg i solveggen.

 


Storfjordnytt Nr. 13 - torsdag 1. april 1993
 
Femteklasse på Valldal skule hadde i 1993 avisarbeid i to veker før påske og Storfjordsnytt sin redaksjon fekk sjølvsagt besøk. Dei produserte to ´heile sider i avis sitt påskenummer. Framme frå venstre: Jan Erik Myklebust, Kjell Vidar Slaaen, Sandra Maria Jemtegård, Erlend Mikal Hjelme. Bak frå venstre: Odd Brede Langdal, John Magne Lykre, Anne Birgitte Håvold, Harald Vestre, Ingvild Anita Krogh, Morten Kristian Heggen, Audun Hoel.

 


 

Storfjordnytt Nr. 12 - torsdag 25. mars 1993

h

Elevane i Tafjord har no funne seg til rette i brakke nummer 5. Etter at skulen deira brann ned i starten på 1993 har dei funne nye lokale å ha undervisning i.

 


 

Storfjordnytt Nr. 11 - torsdag 18. mars 1993
hElevane i Tafjord har no funne seg til rette i brakke nummer 5. Etter at skulen deira brann ned i starten på 1993 har dei funne nye lokale å ha undervisning i.

 


Storfjordnytt Nr. 10 - torsdag 11. mars 1993
 

h

I mars i 1993 var det klubbrenn i Stordal Il og dei unge alpinistane kosar seg i bakken. Frå venstre Jan Hugo Overøye, Camilla Busengdal, Randi Lisabeth Falling, Anne Marthe Busengdal, Steffen Leganger og Tom Erik Søvik

 


 
Storfjordnytt Nr. 9 - torsdag 4. mars 1993
dVinteren 1993 hadde ypparlege snøforhold. Bjørn Helge Nygard hadde skiskule i slalåm, for dei mange unge deltakaren, saman med John Kåre Storås i bakken på Lilleås i Norddal.

 


 
Storfjordnytt Nr. 8 - torsdag 25. februar 1993
c No som den gong er det karnevalstid denne tida på året og i Liabygda barnehage kunne ein sjå mange «kjende personar».

 


Storfjordnytt Nr. 7 - torsdag 20. februar 1993
c
Rett vekst på rett stad var tema på Årsmøte til Norddal hagelag for 20 år sidan. Til å snakke om temaet var Hildur Rødstøl henta inn, ho kan det å planleggje hagar. Jan Fredrik Øvrevoll vart attvald som leiar.

 


 

Storfjordnytt Nr. 6 - torsdag 13. februar 1993
c Sommaren 1993 kan turistane og andre framkalle filmane sine i Geiranger. Tor Hole og Steinar Maråk diskuterer korleis dei skal ta fatt på grunnmurane til «fotonaustet».

 


 
Storfjordnytt Nr. 5 - torsdag 4. februar 1993
cTippeklubben Upper Ten i Norddal samla til festmiddag vinteren 1993. Dei draumar om tolv rette og har det kjekt medan dei ventar.

 


 
Storfjordnytt Nr. 4 - torsdag 28. januar 1993

c

Avisa er ein spennande stad for borna og på nyåret i 1993 kom Syltebøen barnehage på besøk for å sjå på ulike måte å bruke papir på. Frå venstre Isabell Valdal, Anette Kristin Halvorsen, Åshild Øvrevoll, Nataly Hellel og Eivind Lilleås Johansen.

 


Storfjordnytt Nr. 3 - torsdag 24. januar 1993
Liabygda røde korsHjelpekorpset i Liabygda har vore lite aktiv sidan 1989, men den gong i 1993 skulle aktiviteten opp att var alle desse samde om. Frå venstre Frode Almaas Knotten, Anders Johan Stavseng, Arne Bjørnstadjordet, Eldar Overå, Oddmund Ansok, Oddbjørg Strand Overå, Jens Petter Overå, Jahn Morten Overå og distriktssjef i Røde Kors den gong, Olav Hoff.

 


Storfjordnytt Nr. 2 - torsdag 16. januar 1993
cUngdomar i Valldal kom saman, på initiativ frå Storfjordnytt, på ungdomshuset på Sylte og diskuterte aktivitetar for ungdom. Bakgrunnen for møtet var dei vaksne si otte for ungdomsmiljøet i bygda.

 


 

Storfjordnytt Nr. 1 - torsdag 9. januar 1993
cOle Bakke Omenås inviterte til ope hus på 70-årsdagen sin. Drosje- og ambulansekøyring i tillegg til bilar av mange slag vart sikkert heftig diskutert i det laget.

 


 

STORFJORDNYTT – Postboks 134 – 6211 Valldal – Tlf. 70 25 78 50 – post@storfjordnytt.no