Tomt i sommar

Det blir ingen aktivitet i servicebygget på hamna i Valldal i sommar.

Det blir verken pilegrimssenter eller bistro i servicebygget på hamna i Valldal denne sommaren.

Det kjem som ei følgje av det vedtaket formannskapet i Norddal gjorde måndag denne veka. Det siste vedtaket om at det ikkje skal vere brukast til restaurant- eller kaféføremål og i staden lysast ut til noko som vil eksponere meir Heilag-Olav-tradisjonane, vart oppheva.

Ordførar Arne Sandnes forklarer at det siste vedtaket vart under ei sak der dei eigentleg skulle behandle klage på det første vedtaket.

No har dei bestemt seg for å ta eit steg tilbake. Etter ferien vil dei behandle klagesaka frå Berits Gategrill, slik dei skulle ha gjort i mai.

Dermed blir det ingenting i dei tomme lokala etter turistinformasjonen på hamna i sommar.

– Det er kommunen som eig bygget og kan bruke det til ein vil, lager til dømes, men ikkje leige det ut til private, seier ordføraren.

Etter første utlysinga var det Arador Boatwright som fekk tilslaget om å leige lokala til bistro. Den andre søkjaren, Berit Engeseth, klaga på det. Og det er den klagesaka som enno ikkje er behandla.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no