Tor med hammaren er tilbake

Det er utruleg kva detaljrikdom motorsagkunstnar Arne Askeland har greidd å skape med motorsaga si, som dette morske blikket til Tor.

På Solvang Camping har Tor med hammaren installert seg – og han ser bort på Skorene som segna seier han slo skår i.

KORT SAGT

Tor med hammaren var skogens beskyttar.

Tor var også tordenguden og rådde over vêret.

Han hadde også rolla som fruktbarheitsgud og krigsgud og når ein er fruktbarheitsgud, rår ein også over jordbruket.

Tor kjempa stadig mot jotnene.

Vogna hans vart dregen av to bukkar, Tanngnjost (den som gnissa tenner) og Tanngrisne (den med mellomrom mellom tennene).

Bukkane kunne etast, men var like levande neste dag så lenge alle beina vart samla i huda etterpå.

Segna seier at Tor med hammaren ein gong han jaga Odin i sinne, slo i Skorene så steinspruten stod. Det resulterte i tre skår i Skorene. Thomas og Nina Wallin-Andersen seier at steinane etter denne hendinga er dei som ligg strødd utover på campingen.

Kan nokon segna?

Dei synest det er kjekt å kunne fortelje gjestane sine denne historia og er svært glade for at motorsagkunstnar Arne Askeland kasta seg over ideen og laga det kunstverket som no er kome opp på Solvang Camping.

– Tor er skore ut av eitt stykke, det same er bukkane med unnatak av horna. Vi har gjerda inn Tor slik at ikkje dei som vil sjå byrjar å klatre på han og øydelegg han. Det ville vore synd, for han er den einaste i sitt slag ikkje berre her i landet, men i det heile tatt, seier ein entusiastisk Nina og takkar både motorsagkunstnaren og ikkje minst, Magne Skuset for god hjelp til å få Tor på plass.

– Vi synest det er kjekt å kunne fortelje gjestane våre om fjella generelt og Skorene spesielt – og sjølvsagt er segna om Tor med hammaren sentral her, seier dei to som håper det er folk i bygda eller andre stader som kan fortelje dei heile segna.

– Om vi ikkje får vite meir, må vi fylle inn hola i historia med å dikte sjølve, men det vil vi jo helst ikkje. Så om det er nokon der ute som kan ta seg ein tur hit og fortelje oss segna slik dei har høyrt den, ville vi blitt veldig glade, seier Nina.

Eit innhaldsrikt år

I desse dagar er det eit år sidan dei installerte seg på Solvang Camping og sidan den tid har det ikkje mangla på ting å gjere.

– Då vi kom i fjor hadde vi berre 16 dagar på oss på å gjere campingen klar for å ta imot gjestar, men det gjekk det også, seier Nina.

Huset, som fungerer både som resepsjon og bustadhus for dei to er totalrenovert. Det har vore drift på Solvang sidan 1953, men sjølv om det har vore drift, har det ikkje vore halde ved like.

– Vesle julaftan i fjor kunne vi flytte ut av campingvogna og inn i huset. Det var kjekt, seier Nina.

Vatn har vore eit problem på campingen vinterstid, men i haust fekk dei laga til ny brønn og reinseanlegg, så no er det vatn her heile året.

– Vi ønskjer å ha gjestar heile året, og då er vatn absolutt nødvendig, slår dei to fast.

Eventyrarar

Elles er det mykje dei har lært det siste året. Mellom anna har dei funne ut at gjestane set pris på at vertskapet er norsk og at dei faktisk bur på staden.

Dei to kallar seg sjølve for eventyrarar med ein spesiell forkjærleik for Alpane og Frankrike. Dei budde i Bergen og hadde eigentleg leika med tanken på å finne på noko heilt anna enn det dei heldt på med der.

– Det var ein torsdagskveld Thomas kika på finn.no og snubla over denne staden. Vi falt eigentleg pladask allereie då, men fredagen var vi på tur opp for å sjå på staden og på veg fram gjennom Eidsdal, hadde vi bestemt oss. Dette ville vi ha, fortel Nina og dei hadde berre såvidt bikka helga før campingen var kjøpt og bustaden i Bergen var lagt ut for sal.

– Og vi har ikkje angra, vi stortrivst sjølv om det gjekk kjapt og det har vore mykje jobb, seier dei to.

Toppturar

Innimellom bygging av brønn og oppgradering av hus og hytter, har dei også fått tid til å gjere det dei likar absolutt aller best: å gå fjellturar – sommar som vinter.

– Berre i vinter har vi om lag 80 fjellturar på ski. Berre her frå campingen når vi tak i heile sju toppturar, seier Thomas og legg til at dei har vore på dei fleste toppane i nærområdet, i tillegg til at dei har samla kunnskap om området.

– Turistane set stor pris på at vi har lokalkunnskap, seier Nina.

Stoppeffekt

Begge ønskjer å stoppe turistane som er på veg til eller frå Geiranger, for dei meiner at området er så mykje meir enn berre Geiranger.

– Og det folk ikkje veit, er at verdsarven ikkje berre er i Geiranger, men alle stader rundt oss her oppe, seier Nina.

Begge ser på camping som ein genial ferieform, dei merkar at folk stressar ned.

– Vi har hatt gjestar som har blitt lenger enn dei hadde rekna med på førehand, seier dei to som ser ut til å ha truffe godt med nyskapinga Tor. For medan vi pratar, er det fleire turistar som stoppar for å sjå på han og ta bilete.

Om det går an å leve av å drive campingplass?

– Det gjer det, men vi blir ikkje rike av det. Men vi har ei friheit vi ikkje hadde før, det er den største rikdomen, avsluttar dei to idet dei minner om at dei håper det er nokon av Storfjordnytt sine lesarar som kan segna om då Tor med hammaren slo ut tre skår i Skorene.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no