Triveleg, men noko fuktig seterdag på Klovset

Svein Linge på veg opp siste bakken med hendene fulle av kaker.

“Det fins ikkje dårleg ver, berre dårlege klede,” er det noko som heiter. Og dei som hadde funne vegen til Klovset søndag hadde kledd seg godt.

Det starta så fint på seterdagen oppe på Klovset, det var heilt grei temperatur og opplett. Utsikta frå Klovset utover kommunen er framifrå, ein ser både klostertomta på Syltefjellet, innover mot Tafjord og over til Norddal. Vakkert.

Men så starta regnet, og etter kvart vart det ganske så surt der oppe.

Denne pinsesøndagen var det Full Fres, Valldal bygdekvinnelag og Valldal skulekorps som inviterte bygdefolket på tur. Sjølv om det var aktivitetar som både natursti og hesteskokasting, så var det rundt bålpannene folk samla seg denne dagen. Og pølser vert grilla like godt i regnver som i finever. Kan hende smakar dei betre også.

Kaffi og kaker var det sjølvsagt også høve til å kjøpe seg. Faktisk var det kaffikø der oppe på setra, for det var overraskande mange som hadde tatt turen opp, trass i veret.

Skulekorpset og drilljentene kom opp utpå formiddagen, og sjølv om det var så kjølig at både fingrar og anna var stivare enn vanleg, så var det mykje trøkk og etter tilhøva god lyd i korpset likevel.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no