Trollstigen opnar att i dag

Trollstigen opnar att i dag.

Tidlegare denne veka opna Statens vegvesen fylkesveg 63 Geiranger-Langvatn etter at den hadde vore vinterstengt. No har Statens vegvesen bestemt seg for å opne Trollstigen også.

Trollstigen opnar for trafikk att i dag, fredag 16. november klokka 11. Avgjerda er ifølgje ei pressemelding frå Statens vegvesen teken på bakgrunn av det fine vêret  som har vore i det siste og gode vêrmeldingar framover. Geologar i Statens vegvesen har dermed vurdert det som trygt å opne vegen.

Sjølv om vêrmeldingane er gode så kan det endre seg raskt.

– Vi kan ikkje garantere for kor lenge vegen vert open. Dersom temperaturen synk og vegen vert glatt stenger vi for vinteren. Det skal vere trygt å ferdast der både for trafikantane og arbeidsfolk, seier byggjeleiar Kaj-André Døving.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no