Trollstigen opnar onsdag

Trollstigen vert stengd i kveld og i natt.

Statens vegvesen melder i ei pressemelding at fylkesveg 63 Trollstigen opnar onsdag 24. mai klokka 10. Vegen har vore vinterstengd sidan 4. november i fjor.

Byggjeleiar i Statens vegvesen, Kaj-André Døving, seier i pressemeldinga at store deler av Bispefonna har tina, og at vegvesenet i samråd med geologar er komne fram til at rasfaren er svært liten.