Trulovingspartar med gnist

Norddal og Stordal kommunar har engasjerte pensjonistlagsleiarar. Frå venstre Ann Elise Dyrkorn, Kjell Rønning og Wenche Gagnat var glade for å sjå så mange frammøtte.

Å vere blidspente, kvikke i replikken og å like ein god samtale har ikkje noko aldersgrense.

Det skjer noko når menneske med livserfaring, evna til å føre seg og å bruke vitet som ligg der om vi berre hugsar på det, møtest. Bondevit, tenkte du? Å ja, det og. Heldigvis.

Godt samarbeid

Førre torsdag inviterte Stordal og Liabygda pensjonistlag dei eldre i den komande Fjord kommune til felles mat og hyggje i grendesalen i Stordalshallen. Det er mange partar som skal finne ut av det i den kommunale samanslåinga som er på gang, og denne kvelden gjorde ein det gjennom mellom anna mat, musikk og informasjon om moglege turmål som pensjonistlaga har tilgang på gjennom året. Fine bord var dekka for om lag 145 gjestar og når leiar for laget som var vertskap denne kvelden, Ann Elise Dyrkorn, fekk tid til ein prat, kom det tydeleg fram at førebuingane hadde strekt seg over månader.

– Det er laget i Eidsdal som har hatt ansvaret for underhaldninga, å lage flygeblad i førekant av festen og liknande, sa Dyrkorn.

– Fjørå og Valldal pensjonistlag har hatt ansvaret for økonomien, og Stordal og Liabygda har sørgd for mat og vertskap denne gongen, heldt ho fram.

– Så har Fjord bidrege med 10.000 kroner, og Sparebanken Møre har bidrege med 10.000 kroner, held Dyrkorn takksam fram.

Den kulturelle spaserstokken i Norddal kommune bidrog og med midlar til arrangementet.

Medlemmar frå alle laga var med og førebudde til festen, sørgde for servering undervegs og opprydding i etterkant.

– Maten vår i kveld er det Nilsgardstunet som har laga. Borddekking og anna av førebuingar her i salen har vore på dugnad frå fleire av medlemmane i dei ulike laga, sa Dyrkorn.

Bussar var sette opp slik at gjestar skulle kome seg trygt til og frå bygdene i Norddal kommune og omegn.

Ekteskap og skumle vesen

Tordis Hansen, opphavleg frå Eidsdal, fylde år denne kvelden. Saman med bror Petter Eide frå Eidsdal og Viola Gustavsson spreidde ho humor og varme i grendasalen.

– De er kjempefine alle saman. Det er så godt å sjå dykk her i kveld, sa Ann Elise Dyrkorn då ho ønskte velkomen.

Tore Hoel frå Fjørå og Valldal pensjonistlag delte ord for dagen, han brukte noko av taletida si på å snakke om tid.

– Den gongen då folk flest hadde tid til å slå av ein prat med kvarandre, mintest han.

Han trekte fram eldre måtar å helse fint på nokon på, ord som iallfall avisa sin takksame gjest ikkje hadde høyrt før, men som vitna om ei tid som var.

– Dette med å hugse på å besøke kvarandre, heldt Hoel fram.

– For viss ein ikkje går opp vegen ein kjenner frå før så gror den att, minte han om.

Det hadde vore lett å finne emne å tale om, meinte han. Kommunane er i ei trulovingstid, tenk å få gå på pensjonistfest med trulovingstankar, smilte han. Det var ein undertone å høyre, eller høyrde ein feil?

Hoel kalla det vidare for ein brudetale, og sa at ein må hugse på at ekteskapet ikkje er eit skap, men vel så gjerne to båtar som ligg i sjøkanten og skumpar og gnissar litt mot kvarandre i all slags ver.

– No er det viktig at ektefolka dreg den same vegen, smilte han.

Guri Aasen var invitert for å dele av forteljarverksemda si, Vestafor Måne. Det var sunnmørstaus med lang erfaring frå mellom anna læraryrket, kulturverksemder og ikkje minst med vidareutdanning innanfor teater og munnleg forteljing som visste å lage liv på scena. Med armar, bein og ei svært tilstadesverande framferd gjorde ho eit djupdykk ned i gamle soger, der dei skumle vesena i blåmyra (havet, journ.anm.) som folk trudde på i tidlegare tider berre var noko av innhaldet. Det vart tid til å få høyre om både fiskarane sine måtar å sjå på fisket på og boka til Ericus Pontopidan, «Norges Naturlige historie.» Tausakjerringa, ho ugifte og svært så vanskelege å ha med å gjere, kom og fram frå gløymselens lys. Spåbein av ørn, havfrua, sjøormen og dyvelsdrek (djevledrikk, journ.anm.) fekk vi og helse på denne kvelden. Krakjen på Hustadvika var framme ei stund, og det var visst ikkje småtteri kva dei hadde å ta omsyn til i tidlegare tider. Skulle ein finne vel heim frå fisket på den tida, så var det i alle fall lurt å ha med seg steinar frå heimefjørå i båten, det var sikkert og visst. Litt lunare vart det då Jorunn frå ei bygd ikkje langt unna Røros presenterte for både kjende og ukjende pensjonistlagsmedlem kva for innhaldsrike turar ein kan gjere til fjellhotellet som ho driv ilag med familien sin. Tradisjonsrik mat, naturperler og både dyr som dreg ein i slede og som kan liggje i fanget vart å sjå på fagre bilder frå Rørostraktene. Nokre av pensjonistlagsmedlemmane har delteke på slike turar før, for andre var det nytt og spanande å få lære om.

– Ein skulle ha samlast oftare, om så berre for å sitje ved same bordet, prøvde avisa sin utsending seg til det trivelege bordlaget utpå kvelden.

– Ja men då må ein gjere det og då, var det nokon som svara.

Så sant og visst. Takk for glitrande selskap.

Mathilde Vinje
mathilde@storfjordnytt.no