Turistbåt som hentar naturen inn

Om lag slik vil den nye båten sjå ut når han er ferdig. Illustrasjon: Maritime Partner.

Maritime Partner og Geiranger Fjordservice har skrive kontrakt om levering av ein turistbåt utvikla for fjordsightseeing i Geiranger. Lokale leverandørar sørgjer for eit sikkert fartøy med godt utsyn mot naturen.

Leif Magne Klubbenes, styreleiar i Geiranger Fjordservice AS, er oppteken av nyanskaffinga skal vere med på å forlenge turistsesongen.

– Heilt kanon

– Med denne båten kan vi forlenge turistsesongen til å gjelde frå april til oktober. Båten er konstruert for å tåle mykje ver til ulike årstider, på lange strekk og i relativt åpen sjø i dårleg vêr. Med dei vindauga som katamaranen har, vert utsynet frå båten og ut i naturen endå betre. Ein skal føle seg ute, sjølv om ein er inne seier styreleiaren, og beskriv fartøyet som «heilt kanon».

Klubbenes seier vidare at ein innleigd båt har vore testa ut på Geirangerfjorden dei siste åra, for å finne ut om interessa hos turistar og andre passasjerar for vidare bruk av båten var der. Det var ho.

– Eigarane ba om at drifta skulle halde fram, rett og slett, seier Klubbenes.

Det er forventa at den nye katamaranen er i drift frå neste år.

– Ja, vi satsar på at det meste av turistsesongen for 2018 skal verte dekt, seier Klubbenes.

– Vi ser at mellom anna kinesarane er turistgrupper som ferierar utanfor tider ein del andre land har ferie. Dei kjem tidleg på året, mange allereie i april månad.

Lokale leverandørar

Med dette vart den største enkeltbåtkontrakta i Maritime Partner si historie skriven under, står det å lese i ei pressemelding.

Storleiken på båten er og historisk, produksjonshallen i Breivika i Ålesund vert ombygd for å få plass til å byggje katamaranen, som vert sertifisert for 147 passasjerar.

– Det er eit ekstra pluss at Maritime Partner er lokal leverandør. Maritime Partner sin kompetanse og vilje til å finne løysingar på våre behov for det vi håpar skal vere ein fjordcruisebåt for framtida, var sjølvsagt det aller viktigaste. Det var i tillegg viktig for oss at andre solide lokale leverandørar vart med i prosjektet, slik som Nogva som vi har hatt gode erfaringar med tidlegare, seier Klubbenes.

Områdesalssjef i Maritime Partner, Rune Midtkandal, seier i pressemeldinga at samarbeidet med kunden er eineståande godt, og at firmaet er takksame for kontrakta som er eit nytt og større steg inn i turistbåtmarknaden.

– Det er sers hyggjeleg at omstillingsevna vår gjer oss eigna for å etablere oss i nye marknader, seier han.

Geiranger Fjordservice har auka tilboda dei siste åra. Nye opplevingskonsept har vorte utvikla og testa ut, intensive opplevingscruise og kajakk er nokre av konsepta.

Når katamaranen kjem på vatnet i Geiranger vil det i tillegg til fjordsightseeing verte lagt til rette for charterturar og reservebåtoppdrag for hurtigbåtruter i lavsesongen.

Kva sluttsummen på kassalappen seier vil ikkje styreleiaren ut med, men er nøgd med at «totalpakken» er god.

– Vi har nytta fornuft, og enda opp med ein gunstig pris innanfor dei rammene som ein meinar er realistiske. Vi har ein god følelse på totalpakken, og når samarbeidet med leverandørane av båten og Maritime Partner er så godt, både no og ved tidlegare høver, er det ikkje noko som er betre enn det, seier Klubbenes.

Grøn profil

I pressemeldinga heiter det at det nærmast er ein sjølvfølgje at båten er miljøvenleg og har grøn profil. Difor vert den laga av lett, miljøvenleg og resirkulert materiale. Det vert nytta miljøvenleg framdriftssystem og båten skal vere rusta for å kunne ta i bruk hydrogen, så snart det er mogleg. Meir einn 50 prosent av skroget og overbygget på båten vert bygd i resirkulert aluminium, aluminiumen kan resirkulerast igjen når båten ein gong ikkje skal brukast lenger.

Mathilde Vinje
mathilde@storfjordnytt.no