– Uforsvarleg å ta beredskapsferja

B-ferja «Aukra» ligg vanlegvis til kai i Eidsdal, måndag denne veka vart ho sett inn i rasrute mellom Geiranger og Hellesylt. I skrivande stund ligg ho framleis til kai i Eidsdal.

Slik reagerer ordførar i Norddal kommune, Arne Sandnes, på at ferja som trafikkerer sambandet Eidsdal-Linge no er omdirigert til å gå rasrute mellom Hellesylt og Geiranger. 

Strandaferja går også rasrute – i trekantsamband Stranda-Liabygda-Eidsdal.

Då Storfjordnytt tok kontakt med ordføraren for ein kommentar, var han ikkje klar over at ferja var teken ut av ordinær rute, til stor irritasjon og uro blant innbyggjarane på sørsida av fjorden som opplever redusert frekvens i ferjeavgangane når ferja går i trekant på fjorden.

– Dette synest eg ingenting om, det er dramatisk og det er uhaldbart, tordnar Sandnes. Han meiner at Fjord1 og fylkeskommunen burde ha betre planar for slike situasjonar.

– Det har vore uroleg vêr nokre dagar no og vêrmeldingane seier at det skal halde fram slik endå nokre dagar, dette burde ikkje kome som noka overrasking, slår han fast og legg til at dei burde ha tenkt framover, spesielt når det så seint som måndag gjekk rasrute mellom Geiranger og Hellesylt på grunn av snøras og stengt veg. Måndag var det «Aukra» som gjekk rasrute, til vanleg ligg ho til kai i Eidsdal. I skrivande stund ligg ho framleis til kai og ein nabo kan fortelje at det ikkje er teikn til meir aktivitet der no enn det vanlegvis er. Arne Sandnes meiner at Fjord1 og fylkeskommunen burde ha behalde mannskapet om bord på ferja – sånn i tilfelle, med tanke på vêrmeldingane.

– Dette har vi opplevd før og det er ingen god situasjon, dette kan gå på liv og helse laus, seier han og legg til at dette er noko han vil følgje opp allereie no i kveld.

Sandnes melder tilbake til Storfjordnytt ganske kjapt at Stig Helle Tautra, ferjeansvarleg i Møre og Romsdal fylkeskommune vil sjå på saka. Sandnes fortel at han ga beskjed om at av omsyn til liv og helse, må ferja som vanlegvis ligg i Eidsdal bemannast øyeblikkeleg og setjast inn i trafikk på sambandet Eidsdal-Linge til erstatning for ferja som er omdirigert. 

Når vegen mellom Eidsdal og Geiranger er stengt – og ferja går i trekant på fjorden, kan det ta lang tid for innbyggjarane i bygdene Eidsdal og Norddal å nå tak i ambulanse om noko skulle skje, ettersom dei to ambulansane i området er stasjonerte i Geiranger og i Valldal. Om vêret i tillegg er slik som torsdag kveld, er det heller ikkje sikkert at det er flygevêr for ambulansehelikopter. Nettopp derfor meiner Sandnes at det er alvorleg at ferja på sambandet Eidsdal-Linge vert teken ut av ordinær drift. Han vil jobbe vidare med saka, seier han.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no