Ungdommeleg 35-åring

Laurdag var det den årlege basaren til Fjellrosa barneforening, ein særs sprek jubilant.

Eide bedehus er staden der barneforeininga held til. Med god fyr på omnen er det godt og varmt i salen i andre etasje. Etter kvart som klokka nærmar seg basarstart, strøymer det på med folk, men denne dagen var det ikkje så smekkfullt som det plar vere når Fjellrosa inviterer til basar.

I år er det 35 år sidan barneforeininga vart starta, og det var Lisen Eide som hadde ideen. Med seg fekk ho Eli Løvoll og Norlaug Indreeide, og så var dei i gang. Lisen er framleis i aller høgste grad med og dei siste åra har Margaret Eide også vore aktiv. Saman har dei i ei årrekkje halde styr på eit varierande tal ungar, i haust har dei vore i snitt 17 ungar på barneforeininga. Det synest Margaret er bra.

Som alltid startar basaren med tombola, og lodda er populære, spesielt blant dei små. Og etter kvart vert borda fylte opp av tombolapremiar som såper, smykke, bilar og anna rart.
Vilde Hanset Krohn og Signe Nustad ønskte velkomne, og så vart det song. Og endå meir song, for Margaret fortalde at han som skulle vere talar for dagen, ikkje fekk start på bilen sin og måtte melde avbod. Dermed måtte ho improvisere litt og derfor hadde ho dukka ned i arkivet og funne fram eit par gamle songar, som ”Basarsongen” frå 2001 og jubileumssongen frå den gongen barneforeininga var 25 år.

– Når vi har barneforeining, brukar vi å lese ei lita andakt før vi har matpause, fortel ho og tar fram barneandaktsboka og les ei lita historie derifrå for basargjengarane.
Kaker og kaffi var det som vanleg rikeleg av, og barna byta på å gjere teneste i ”kafeen”. Loddbøkene som vart flittig skrivne i under heile basaren vart trekte heilt mot slutten av basaren – før store og små vende nasen heimattover.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no