Ungdommen ville vite meir om grensejusteringa og «anna» betyr blank røyst

Nokre av ungdommane som hadde funne vegen til Melchiorgarden for å få vite meir om grensejusteringssaka i romjula.

Arbeidsgruppa som har utarbeidd søknad om grensejustering for bygdene Eidsdal og Norddal inviterte i romjula ungdommen til informasjonsmøte.

KORT SAGT

Telefonundersøking om grensejustering for bygdene Norddal og Eidsdal:

• Tidsrom for oppringing er veke 3 og 4, det vil seie frå 15. januar til og mred 27. januar.

• Opnion AS har fått oppdraget med å gjennomføre undersøkinga og vil ringe frå telefonnummer 61 40 01 09.

• Tidsrom for ringetider vil vere måndag-torsdag kl 16-22, fredag kl 16-20 og laurdag kl 13-18.

• Alle vert spurde om kjønn og alder.

• Svaret til den som blir oppringt er anonymt.

• Hovudspørsmål: Kva kommune meiner du at Norddal og Eidsdal skal høyre til i framtida? 
– bli i Norddal kommune (nye Fjord kommune)
– overflytting til Stranda kommune
– anna (som er det same som å røyste blankt)

Mange hadde funne vegen til Melchiorgarden denne romjulstorsdagskvelden for å høyre Merete Løvoll Rønneberg og Else Ragni Yttredal fortelje om kommunereformprosessen i Norddal kommune generelt og arbeidet som enda ut i søknad om grensejustering spesielt.

Opinion har fått jobben

Merete Løvoll Rønneberg opna med å minne om at alle som er folkeregistrerte i Eidsdal og Norddal vil bli oppringte i veke tre og fire i forbindelse med at fylkesmannen skal undersøke kva bygdefolket eigentleg meiner i denne saka.

– Det er Opinion AS som er hyra inn for å utføre undersøkinga på vegner av fylkesmannen, fortalde ho.

Dei som får telefon vil bli spurde om kjønn og alder, og svaret til den som vert oppringd er anonymt.

Ho gjekk også gjennom spørsmåla folk vil bli stilte. Hovudspørsmålet er «Kva kommune meiner du at Norddal og Eidsdal skal høyre til i framtida». Svaralternativa er anten å bli i Norddal kommune (nye Fjord kommune), eller overflytting til Stranda kommune og så er der eit siste val som heiter «anna».

Både Merete Løvoll Rønneberg og Else Ragni Yttredal syntest der er svakheiter med omsyn til spørsmålsstillinga, særleg med tanke på dette «anna»-alternativet.

Gjere opp eiga meining

– I kveld skal de lytte, få informasjon og stille spørsmål. Så må de gjere dykk opp dykkar eiga meining om kva de skal svare når telefonen ringer, sa Løvoll Rønneberg før ho gjekk gjennom prosessen som har leia fram til den utgreiinga som fylkesmannen no er i gang med.

Else Ragni Yttredal gjekk gjennom utgreiingsarbeidet som arbeidsgruppa gjorde og oppmoda alle om å gå inn på nettstaden metaforen.no og lese sjølve, der ligg utgreiinga til arbeidsgruppa, søknaden om grensejustering, i tillegg til referat frå oppstartmøte med Fylkesmannen med innlegga til både Fylkesmannen, Norddal kommune og arbeidsgruppa sitt innlegg .

– Alt dette ligg tilgjengeleg for dei som vil lese sjølve i fred og ro, sa ho.

Oppstartmøtet

Merete Løvoll Rønneberg fortalde om oppstartmøtet for grensejusteringsarbeidet hos Fylkesmannen. I tillegg til å gå gjennom innlegget til Fylkesmannen, las ho også opp innlegga til både arbeidsgruppa og Norddal kommune.

Ho fortalde også litt om tidsplanen for arbeidet som ligg føre og presiserte også at alle står fritt til å meine noko i saka til Fylkesmannen og at alle dokument som kjem inn vil følgje saka fram til endeleg behandling i kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Spørsmål og diskusjon

Etter gjennomgangen vart det opna for spørsmål og diskusjon.

Ein i salen lurte på om det ikkje no er på tide med ein underskriftskampanje i alle bygdene i det som skal bli Fjord kommune der ein ber om at saka om samanslåing av Norddal, Stordal og Stranda vert teken opp att. Grunngjevinga til forslagsstillaren var at dersom det skulle vere eit stort fleirtal som støttar eit slikt opprop, så er politikarane nøydde til å lytte til innbyggjarane sine. Og i det minste ville det vere eit sterkt signal til Fylkesmann og departement om kva folkeviljen er.

I det høvet minte Merete Løvoll Rønneberg om at då Fylkesmannen kom med si tilråding til nytt kommunekart i Møre og Romsdal hadde lagt stor vekt på søknaden til arbeidsgruppa. På kartet som då vart teikna, var bygdene Eidsdal og Norddal saman med Stranda og Sykkylven var ein kommune og alt på nordsida av fjorden – frå Tafjord og utover til Ålesund, Haram og Giske var ein kommune.

– Vi ber alle om å tenkje seg godt om og gjere seg opp si eiga meining om dette, gjentok Løvoll Rønneberg.

«Anna», ei blank stemme

Det kom også spørsmål om svaralternativet «annet» i spørjeundersøkinga.

Else Ragni Yttredal synest ikkje eit slikt alternativ er spesielt bra.

– Annet kan bety kva som helst, om det i det heile blir vektlagt. Dette gjeld spørsmålet om grensejustering og då kan «anna» bety det same som å svare blankt eller «veit ikkje», sa ho og la til at når ein ikkje veit kva fylkesmannen tenkjer om dette alternativet, ville eit «veit ikkje»-alternativ vore betre.

Yttredal er med andre ord sterkt kritisk til eit svaralternativ som dette, utan at det blir sagt noko om korleis fylkesmannen vil forhalde seg til eit slikt svaralternativ.

Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste kan forklare kva som ligg i svaralternativet «anna».

Ho seier det ved vanlege val er høve til å røyste blankt for dei som vil det og det er nettopp det alternativet «anna» er meint som: eit svaralternativ for dei som anten ikkje har gjort seg opp nokon meining eller dei som meiner noko heilt anna.

– Det er altså ingen føringar som ligg her om kommunesamanslåing eller slikt, seier ho og peikar på at det er viktig at også dei som ikkje kjenner seg heime i dei to første alternative kjenner at dei blir tvunge til å lande på eitt av dei.

– Alternativet «anna» er altså eit alternativ for dei som ikkje kjenner seg heime i dei to andre alternativa og som ønskjer å røyste blankt, seier ho.

Ikkje ver likegyldig

– Det viktigaste er å ikkje vere likegyldig. Og å ha ei meining. Det er lurt å diskutere i lag og gjere seg opp ei meining og prøve å få flest mogleg til å gjere det same, var oppmodinga frå salen heilt til slutt.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no