Ungdomsbedrift sel brød på nett

Heile bedrifta. Frå venstre: Charlie Cousens, Amalie Flo, Torstein Vangen, Katrine Mykløen Ødegård, Charlotte Kvenseth, Jeanette Lien og Emil Raab.

Frå 9. desember 2015 er det mulig å bestille brød på nett frå ungdomsbedrifta “Brød rett hjem” ved Stranda vidaregåande skule.

Dei halvsteikte brøda blir gasspakka, med minimum åtte dagar haldbarheit. Dei blir sende ut i sporbare pakkar til kundar over heile landet. Kundane blir då oppmoda om å fryse ned dei brøda dei ikkje skal ete med ein gong.
– Vi er ein veldig engasjert gjeng som står på og gjer alt vi kan for at vi skal lykkast. Vi er ei tverrfagleg bedrift, vi kjem frå to ulike utdanningsprogram. Vi er fire elevar som går i andre klasse på studiespesialiserande, der vi har entreprenørskap og bedriftsutvikling som eitt av våre programfag. I tillegg har vi tre elevar som går restaurant- og matfag, fortel dei.

Glutenfri

Ungdomsbedrifta produserer tre ulike typar glutenfrie brød, fint, mellomgrovt og grovt. I tillegg til det glutenfrie brødet vil dei også tilby vanlege brød. I dag er det rekna med at mellom sju og åtte prosent av folk i Norge ikkje tåler gluten. Marknaden for dei som har behov for glutenfrie produkt meiner dei er dårleg og mangelfull.

Vanlege brød

Det er mange aktørar i brødmarknaden, derfor ville dei finne på noko unikt. Ein pensjonert lærar ved skulen, Odd Høiås, tipsa dei om Mylnå i Volda, som produserer mjølet på gamlemåten, der dei mel korna med heile skalfraksjonen, slik at alle næringsstoffa blir tekne vare på. Dei har valt å bruke mjøl frå Mylnå i dei vanlege brødet, då dei meiner at det er viktig å ta vare på lokale ressursar og at dette er eit unikt produkt. Dei produserer loff, speltbrød og økologisk grovbrød. på grunn av måten mjølet blir male på, er det 30 prosent fiber i loffen, noko som ikkje finst frå før.
Katrine Mykløen Ødegård er dagleg leiar i bedrifta. Ho har vore ein tur i Bergen og besøkte gründeren Idar Vollvik, som har sagt ja til å vere mentor for elevbedrifta.

Elevane fortel at Stranda vidaregåande skule med sine 170 elevar er mellom dei fem minste skulane i fylket. Skulen har likevel vore på sigerspallen under NM for ungdomsbedrifter to av dei tre siste åra, der dei begge åra har vore ei av fire ungdomsbedrifter frå Møre og Romsdal som har kvalifisert seg til NM via Fylkesmønstringa. I fjor vann Glutenfri UB frå Stranda vidaregåpande førsteplassen i NM for beste forretningsplan.

– Vår ambisjon er sjølvsagt å bli norgesmeistrar, seier representantane for “Brød rett hjem”.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no