Unge fiskarar tok prisen på isen

Det var folksamt på isen da Valldal Jeger- og Fiskerforening arrangerte isfiskedag på Heimste Rødalsvatnet sist søndag.

– Den siste fisken eg fekk, var ein skikkeleg vilter krabat, ler Hedda Olin. Ho er hoppande glad etter å ha trekt enda ein fin aure opp gjennom holet i isen.

Hedda Olin dreg ein flott aure opp av holet i isen og jublar over god fangst.

Aldri har så mange møtt fram på den årlege isfiskedagen som Valldal Jeger- og Fiskerforening arrangerer på Heimste Rødalsvatnet i Tafjord. På det meste sat 45 sjeler på isen i det fine vintervêret og prøvde å lokke småauren til å bite på kroken.

– Vi er strålande fornøgde, seier primus motor Karl Hoel om arrangementet, og han fortel at det har komme isfiskarar heilt frå Ålesund for å vere med.

Det vart også delt ut premiar til isfiskarane: medaljar for den største og for den minste fisken.

Storfangst

Johannes frydar seg over å kunne hale enda ein aure opp gjennom isen.

Det var godt med ungar på isen. Mange av dei sprang frå den eine fiskeplassen til den andre for å sjå på når nokon ropte «napp». Og auren nappa verkeleg på søndag. Da arrangørane talde opp etter at fiskarane hadde forlate isen, kom dei fram til at 85 aurar var lokka på kroken og trekte opp gjennom fiskehola. Det blir eit bra snitt for kvar fiskar, sjølv om somme ikkje fekk noko på kroken i det heile, mens andre kunne oppsummere storfangst med over ti fiskar.

– Eg trur eg har fått sju eller åtte fiskar, seier Johannes på ti år, som er strålande fornøgd med dagen på isen.

Larvar på kroken

– Vi ønskjer å få flest mogleg ungar ut og vise dei at det er mogleg å finne på ting ute òg, seier Karl Hoel, som går mellom fiskarane og hjelper der det trengst.

Valldal Jeger- og Fiskerforening stilte med fiskeutstyr til dei som ikkje hadde med sjølve. Dei aller fleste fiska med maggot, flugelarvar, som foreininga hadde med til deltakarane, og det var utan tvil godt agn på søndag.

Unge vinnarar

Det var skarp kniving om førsteplassen, og fleire fiskar vart målte til over 30 cm, men Hedda Olin tok ein hårfin siger med ein flott feit aure på 31,5 cm. Det er slett ikkje dårleg i eit fiskevatn som er overbefolka og har for mykje småfisk.

Men det skulle ikkje berre kårast ein vinnar for den største fisken, også den som hadde fiska den minste, skulle få medalje. Sigeren gjekk til Susanne, som truleg var den yngste fiskaren på isen denne dagen. Ein av fiskane ho hadde fått, målte berre 15,5 cm.

Sakna fylkeslaget

– Dette er det beste arrangementet vi har hatt – både med tanke på fangst og oppmøte, kunne Karl Hoel oppsummere.

Det einaste skaret i gleda for arrangørane i Valldal Jeger- og Fiskerforening var nok at det ikkje kom nokon frå Møre og Romsdal Jeger- og Fiskerforening.

– Dei har sagt at dei kanskje kom for å vere med på arrangementet, men dei har dessverre ikkje dukka opp. I dag ville det verkeleg ha vore kjekt for dei å komme hit, slår Karl fast.

Audun Skjervøy
audun@storfjordnytt.no