Ute i felten for å lære

Jörg Löffler fortel om ein type reinslav og kor lite næringsinnhald det faktisk er i det, men at lavet si tilgjengelegheit og levedyktigheit i alpine strøk trass alt gjer det til ei viktig næringskjelde for reinen. Denne type lav er også ein av hovudgrunnane til at reinen då beveger seg lite innan området der denne type lav florerer for å kompensere for det låge næringsinnhaldet gjennom å ikkje bruke energi på bevegelse. Foto utlånt av Eidsdal skule.

Eidsdal skule, eller verdsarvskulen, flyttar ofte klasserommet utandørs for å lære på ein annleis – og meir praktisk og morosam måte. For to veker sidan var ungdomsskuleelevane ved Eidsdal skule på ekskursjon til Geiranger.

Temaet var alpin økologi og det var professor Jörg Löffler ved Universitetet i Bonn, som i ei årrekkje har samarbeidd med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv om ulike prosjekt, som var fageksperten denne gongen. Löffler har hatt tilknyting til Noreg i 30 år og er godt kjent i området vårt, mellom anna har han målt luftkvaliteten og gjort støymålingar i Geiranger.

No har han altså også hatt eit prosjekt saman med ungdomsskulane i Eidsdal og Geiranger der dei har sett på alpin økologi.

Nye læreplanar

Martin Berg, kontaktlærar for niande- og tiandeklasse ved Eidsdal skule, fortel at det gjennom verdsarvskulen har vore ønske om å knyte til seg forskingsinstitusjonar og trekke dei inn i undervisninga – mellom anna ved at elevane kan vere del av ulike prosjekt. Skulen har allereie hatt samarbeid med mellom andre Atle Nesje ved Universitetet i Bergen, så skulen har erfaring med å trekke slike institusjonar inn i skulen.

– Dette med ung forsking, djupnelæring og kreativ læring er noko som kjem i dei nye læreplanane som vert tekne i bruk neste år, seier Berg. Ved skulen i Eidsdal gjer dei altså mykje av det som ligg i dei nye læreplanane allereie – og har i og for seg gjort det i mange år.

Teori og praksis

Berg fortel at prosjektet elevane no har jobba med, kom i stand etter eit møte med Löffler der skulen spurte kva han kan tilby dei, og det var mykje spennande som vart diskutert. Og denne gongen var det alpin økologi dei enda opp med å sjå på.

– Vi hadde ei to dagars innføring i dette. Planen var eigentleg å vere ute i felt første dagen og så ha teori og sjå på funna vi gjorde på dag to. Men på grunn av vêret måtte vi snu om på det slik at vi hadde teoridag torsdagen og var ute i felt på Blåfjellet fredagen. Vi skulle eigentleg opp på Dalsnibba også, men vegen opp var stengt, fortel Berg.

Han trur nok kanskje det vart litt mykje informasjon på kort tid for elevane.

– Typisk professorar, seier han med eit stort smil. Berg fortel at dette prosjektet var tenkt som ein introduksjon mellom professoren og skulane i Eidsdal og Geiranger.

– For å bli kjende med kvarandre og sjå kva vegen vidare kan vere. Og han var skikkeleg gira på å jobbe med elevane frå mellomsteget og opp, fortel Berg.

Så kva såg dei på då dei var ute i felten?

Det eine var ulike plantar som veks i høgda – og om det til dømes var skilnad på plantar som veks på stader som ligg mykje i skygge og dei som har meir sol. Dei lærte om kvifor ein studerer alpin økologi og kva som er spesielt for vårt område.

– Interessant

Når Storfjordnytt er innom Verdsarvskulen Eidsdal, er det Martin Berg sine elevar i tiandeklasse som har tid til å ta seg ein prat og sjølv om ikkje alle var like snakksalige, fekk lokalavisa vite at det er kjekt å gjere ting på andre måtar enn berre å vere i klasserommet.

– Korleis var det å jobbe saman med ein professor?

– Det er interessant å gjere noko anna enn det vi gjer til vanleg og saman med nokon som har peiling. Men det var litt mykje på ein gong, i tillegg var alt på engelsk. Men det var interessant, syntest Andrea Dalhus.

Dei har kika på planter og lav og mose – og sett på korleis dei tilpassar seg omgjevnadene slik at dei veks og trivst. Dei har også sett på kor tilpasningsdyktige er plantane med omsyn til snø og lært om blomstringsperioden til plantane og fotosyntese. Mellom anna.

– Professoren brenn for dette, i tillegg er han enormt kunnskapsrik og evnar å ta ting på sparket samtidig som han brukar enkle ord og uttrykk, seier Martin Berg.

Ein kvadratmeter

På Blåfjellet delte dei område inn i firkantar på ein kvadratmeter, nokre på solrike plassar, andre på mindre solrike plassar. Dei fortel at det var spennande å sjå kor mange ulike plantar som voks på ein liten kvadratmeter – og dei gjekk gjennom alle.

– Kor mange ulike plantar fann de på ein kvadratmeter?

– Det varierte, men mellom 17 og 19 ulike plantar som buskar, plantar, mose og lav, seier Andrea som også kunne fortelje at det var stor skilnad på dei som voks på skuggesida og dei som hadde meir sol.

Noko elevane også fekk eit innblikk i etter desse to dagane, var korleis forskarar jobbar, kva instrument dei brukar og slike ting, noko dei også seier var spennande.

– Vi ønskjer å knyte Löffler til oss vidare i eit langvarig prosjekt som går på støymåling over tid, seier Martin Berg og legg til at professoren allereie har gjort støymålingar i Geiranger, men skulen ønskjer å gjere slike målingar også i nærområdet til skulen. Dette vil vere eit fleirårig prosjekt som vert starta opp av somme elevar og overtatt av dei som kjem etter, er tanken. I tillegg ser ein også føre eit større prosjekt om forureining.

Storprosjekt

Elevane kunne fortelje at skulen også har eit stort prosjekt med Kallskaret som tema. Tiandeklasseelevane var del av ulike grupper – og emna dei hadde fått å jobbe med var alt frå økologi i fjellet, geologi, landskapsvern og fangstanlegga i fjellet.

Martin fortel at Kallskaret er noko heile skulen har jobba med i lang tid. Kvifor? Fordi det er litt lite informasjon om Kallskaret og Herdalen. Arbeidet vil etter kvart munne ut i mellom anna ei nettside, men det blir å kome attende til seinare.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no