Utsikt mange vegar

Om lag 150 menneske var innom Mosætra i løpet av arrangementet sist søndag. Foto: Anna Margrethe Drægebø Moe.

I løpet av dagen det var Mosætersøndag, var 150 menneske innom sætra i Stordal med den flotte utsikta.

Det er fjerde året Mosæter Vel arrangerer sætersøndag med aktivitetar og forfriskingar.

Aktivitetar

Det er ein fin aktivitet i seg sjølv, sjølvsagt, å gå den timen det tek å kome seg til seters på Mo. Vel oppe hadde velforeininga gjort klar både hestesko, mjølkespann og piler til å kaste med. Born og vaksne i lystig kappestrid. For folket i Stordal som ofte nyttar Mosætra til trimtur og rekreasjon er det naturleg å ta turen ein slik dag, men det kjem òg folk frå nabobygdene, Ørskog og Stranda.  Arrangementet varte om lag to timar, men nokre folk kom i god tid før det starta og blei ei god stund etter.

Godt utgangspunkt

Mellom aktivitetane var det tid til god prat og sæterkaffi, saft, pølse og svele var det å få kjøpt. Mosætra ligg 450 meter over havet og er eit fint utgangspunkt til vidare turar i området. Mohornet og Storheimshornet eller Josætra og Jasvolbotnen er turar som kan passe. Heile året ferdast folk opp til Mosætra og eit bilete av seg sølv med Stordal i bakgrunnen er flittig brukt som motiv og posta på facebook.

Hesteskokasting: I dameklassa vann Marthe Holmelid med Trine Dahl på andreplass
Herreklassa toppa Sindre Helland med Arne Aasen hakk i hæl.

Mjølkespannkasting: Av damene var det Elin Vestre Røkke som kasta spannet lengst medan Morten Tvervåg var ein klar vinnar i herreklassa.